Regjeringa kunne ha innført makspris på strøm over natta, begrunna med at prisane hadde løpt løpsk (for det har dei!) og var i ferd med å ramme både familiar, bønder og bedrifter. Andre land tar grep. I EU-landet Frankrike har den liberal-konservative presidenten Macron innført makspris på strøm.

Men i staden for eit enkelt pris-grep, som umiddelbart ville løyst problemet, balar no regjeringa med å finne måtar å betale sosialhjelp på, men utan i det heile tatt å stille spørsmålsteikn ved det systemet som produserer uforutsigbare, høge og hoppande prisar på det dei fleste av oss betraktar som eit normalt velferdsgode. Tvert i mot: Statsministeren forsvarar krafteksporten og oppkoplinga mot det europeiske strømnettet, og begrunnar det med at det har tent Norge godt. Og det er sant: Milliardane renn inn i statskassa, men no blir dei altså tatt frå vanlege folk.

Og opprøret har kome. Ein nokså ukjend advokat frå Kristiansand, Olav Sylte, starta facebook-sida «Vi som krever billigere strøm». I eit intervju med Klassekampen (9.12) går det fram at denne sida hadde fått 85.000 medlemmer i november. Men no i desember hadde dette talet stige til 450.000 - nesten ein halv million har meldt seg inn i denne aksjonen. Ei oppslutting så stor som denne er det vanskeleg å finne i nyare norsk historie.

Det er hundrevis av kommentarar til enkeltsaker på denne facebook-sida. Ut frå mi interesse for politikk har eg lese ein del av dei, og ser at ein del ting som går igjen: Det er nettopp “vanlege” folk som ytrar seg, gjerne godt vaksne folk som bur aleine eller yngre, einslege forsørgarar. Gjennom ein dårleg betalt jobb, trygd eller pensjon maktar dei å betale for sin eigen bustad, gjerne ein gamal bil og, for mange, hunden. Forbruket er høgst moderat, men så blir strømrekninga dobla (eller meir!) over natta. Dei ekstra tusenlappane er ikkje der, og heile tilværelsen er i fritt fall. Og eit vonbrot: Mange har nyleg stemt på Jonas eller Trygve og bidratt til at vi fekk ei regjering som skulle stoppe politikken som hadde sikra skattelette og millionløn til dei allereie velbemidla.

Mange av dei som no engasjerer seg, er blant dei meir usynlege i samfunnet. Dei er kanskje sånn måteleg interesserte i politikk, vant til å spare, men også til å ta del i dei mange mulighetene som dei siste tiåra har opna seg for vanlege folk: Billige forbruksvarer frå Kina (klær, elektronikk) og sydenreiser til ein overkomeleg pris. Kraft-pris-sjokket er dermed blitt ein augeopnar for mange: Det systemet som skulle «tene oss vel» - frisleppet av markedskrefter på område etter område, har slått brutalt tilbake, og fått mange til å tenke over kva slags land vi lever i, og korleis styinga bør vere innretta for å sikre velferd for alle.

Så korfor greip ikkje Støre og Vedum inn då dei såg alvoret, når dei visste kva som hadde skapt problemet, og når dei måtte vite at viss prisen var blitt altfor høg, så MÅ DEN NED? Eg veit ikkje svaret, men det er nærliggande å tenke at særleg toppane i Arbeidarpartiet, samt kraftbransjen og kraftforvaltninga sine folk ser livsverket sitt - liberaliseringa av kraftsektoren - truga. Men denne samfunnseliten ser også ein fare ved å signalisere ei aldri så lita innskrenking av markedstenking, utover landegrensene – vil det føre til reaksjonar frå EU?

For å dempe systemkritikken kan Støre og regjeringa no tillate seg å vere raus, svært raus, med å lage kompensasjonsordningar og sosialhjelp til dei som blir ramma. Raus hjelp kan bidra til flytte fokuset frå markedsfrisleppet, det som «har tent oss vel». Vi ser også at fleire medieredaksjonar tar på seg oppgåve med å forklare lesarane at det er ei omfattande sosialhjelp som må vere det politiske svaret, ikkje systemendring.

Men kanskje er det for seint. Mitt inntrykk er at folk flest vil ha ei lita systemendring, nemleg ei ordning som sikrar at prisen på el-kraft må vere stabil og stå i eit rimeleg forhold til kostnaden ved å produsere vasskraft. Altså må prisen ned. Kanskje vil eit slikt tiltak i Norge møte forundring og kritikk ute I Europa, men det skulle vere til å leve med. For den norske regjeringa bør omsynet til norske borgarar vege tyngre enn omsynet til overnasjonale system og borgarar på kontinentet (som uansett ikkje vil merke stor forbetring gjennom ein i europeisk samanheng ubetydeleg import).

Historisk veit vi at når folk opplever grunnleggande utryggheit, så står det krefter klare til å ta protesten over i lite hyggelege retningar. God nasjonal leiarskap handlar om å ta folk sin situasjon og bekymringar i krisetider på alvor. Regjeringa har fortsatt ein sjanse til å spele på lag med folket, og den vil sjølsagt også vere tent med det. Alternativet er omfattande uro og misnøgde familiar og bedrifter – og det som kan skje om protesten kjem ut av kontroll – den dagen kombinasjonen av sprengkulde og pengemangel fører til tap av menneskeliv.