Ingen borgarlege regimer her til lands har utvist ein så systematisk kampanje mot fellesskapsløysingar i kommunal regi som Hilmarsen, Stein & co. Dette kom fram allereie då dei formulerte sin byrådsplattform, der dei signaliserte eit mål om vurdere anbudsutsetting av alle kommunale tjenesteområder. Grunnskolen, eldreomsorg, barnevern, vatn og avløp – alt skulle kunne overlatast til private.

Velgarane fekk raskt nok av denne politiske retninga (som heldigvis var utsett for manglande gjennomføringsevne). Kamp mot privatisering av kommunale tenester stod sentralt i valgkampen, og eit klart fleirtal feide det borgarlege regimet ut av rådhuskontora på valgdagen.

Men dagen før dei gjekk av, signerte det borgarlege byrådet ein kontrakt med det internasjonale selskapet ISS om å overta delar av reinhaldsarbeidet i kommunen. Dette gjorde dei, etter at velgarane med stort fleirtal hadde stemt ut parti som ville ha privatisering. Det er fristande å bruke karakteristikken «forakt for demokratiet» her. Hadde ikkje byrådet oppfatta at dei var på veg ut? Dei måtte vel ha oppfatta at dei hadde tapt valget, nettopp på politikken for privatisering av kommunale tenester? Den mest positive karakteristikken av denne handlinga er at byrådet på sin siste arbeidsdag viste for all verda at dei ikkje forstod kva demokrati dreier seg om.

Dei kunne heller ikkje evne til å forestille seg at eit AP/SV/R-byråd ville stoppe privatiseringa, noko som sjølsagt skjedde umiddelbart. Det kosta kommunen 1.4 millionar å oppheve kontrakten med ISS som dei borgarlege freidig hadde inngått etter valgnederlaget. Den rekninga burde vore fråtrekt etterlønningane til Hilmarsen, Stein og dei andre i byrådet, men no er det altså alle vi andre som må spleise på gutteromspolitikken sine følgjer.

Men saka er verre enn som så. Det dei borgarlege prøvde å få til på sin siste dag i byrådet, var å privatisere delar av reinhaldet, i praksis å seie opp kommunalt tilsette for at eit privat firma skulle få hyre dei inn att, men på dårlegare vilkår. Reinhaldsarbeidarar er ikkje akkurat dei som har best inntekt her i landet, men ved tilsetting i det offentlege blir dei sikra ein anstendig pensjon. Det er akkurat denne gruppa det borgarlege byrådet skulle spare pengar på, i praksis ved å overlate dei tilsette til eit firma som sikrar sin profitt ved å senke pensjonsutbetalingane (det er vanskeleg å gjere noko med tariffløna). Det er godt mogleg at byrådet ikkje kjenner til eller forstår prinsippa for privat forretningsdrift. Men kanskje dei gjer det, og med vitande og vilje har gått inn for ein politikk som dei visste ville ramme eit lågtlønsgruppe økonomisk. Då er det reinhekla klassekamp byrådet hadde engasjert seg i, på vegne av dei velbemidla og velferdsprofitørar i inn- og utland.

Dersom dei borglarlege i Tromsø skal ha håp om å kome til makta att, vil eit godt startgrunnlag vere å be velgarane om orsaking for at dei ikkje forstod dei demokratiske spelereglane, og dermed påførte kommunen eit heilt unødvendig økonomisk tap. Og å be reinhaldarane i Tromsdalen om orsaking fordi dei ikkje forstod at innsparinga dei hadde jubla over, kom til å ramma pensjonane til ei lågtlønsgruppe.

Ingen ting tyder så langt på at slike orsakingar vil kome. Gruppeleiar Erlend Svardal Bøe i Høgre karakteriserer i eit avisinnlegg motstand mot velferdsprivatisering som «allergi mot private aktører». Ein politisk analyse på det nivået vil sannsynlegvis føre til ei langvarig politisk ørkenvandring for høgresida.