Dei siste åra har det vore ein jamn straum av nyheitssaker om korleis me her til lands (og forsåvidt i andre land) byggjer ned og et opp arealet kring oss – skogar, myrar, fjell, jorde og enger. Kanskje er eg ekstra merksam på det fordi eg påverkar denne utviklinga veldig direkte sjølv med mitt folkevalde verv i Kommune- og byutviklingsutvalet (KOBY).

I fleire av nyheitssakene vert det peika på, og ofte problematisert, at forvaltinga av areal skjer i kommunane. Det gjer at det er vanskeleg å sjå på samanhengen av arealbruk på tvers av kommunar. I Tromsø er det i KOBY at me har dei mest grundige diskusjonane, gjer vedtak og innstiller på saker til kommunestyret som omhandlar bruk av areal i kommunen.

Men areala våre, desse heiene, viddene, skogane, fjordane, vatna ja, du skjønnar resten, heng saman og utgjer ein heilskap. Tap av naturmangfald er ei av vår tids kriser, dette er inga kontroversiell fråsegn. I ei undersøking i regi av Miljødirektoratet frå 2019 seier svimlande 97 % av det norske folket at dei meiner det er viktig å stanse tap av naturmangfald. Likevel er det plenti av kontroversielle og vriene saker kring om i kommune-Noreg der omsynet til naturmangfald stend opp mot ulike typar menneskeleg aktivitet og utbygging. Særleg heftig vert det når det er snakk om hytteutbygging, omsyn til reindrift, gruvedrift og kraftproduksjon.

Dette er bakgrunnen for at eg blir skeptisk, og tykkjer det er vanskeleg, når eg skal ta stilling til ei hyttutbygging i eit reindriftsområde i Tromsø med relativt lite annan ferdsel. Plan 1892 Breiviknes hyttefelt er kraftig nedskalert, og det er gjort mykje for å skjerme omgjevnade.

I denne saka er det i større mon den auka trafikken, både motorisert og til fots, i området som kanskje utgjer den største utfordringa. Hyttefeltet er planlagt klemt mellom Sandbukt naturreservat og ei trekklei for rein. I tillegg opplyser det lokale reinbeitedistriktet for Mauken/Tromsdalen at området dei siste åra har vorte eit av få vårbeite.

Mange av vurderingane som er gjort i saksframlegget byggjer på at det nye forslaget er så mykje mindre enn det førre, og at ein derfor meiner at dei negative konsekvensane for naturmangfald og reindrift er akseptable. Vurderingane av naturmangfald byggjer på utgreiingar gjort i 2007, med eit forslag om 150 hytter.

Vurderingane knytt til reindrift legg til grunn eit avslag frå Miljøverndepartementet i 2011om ein plan som la opp til 91 hytter. Om alternativa me skulle velje mellom var 150, 91 eller 45 hytter er eg sjølvsagt samd i at 45 gjev færrast negative konsekvensar. Men me har òg alternativ om enno færre, til og med null hytter.

Eg tykkjer ikkje den saksutgreiinga er særleg overtydande om at dei negative konsekvensane for naturmangfald og reindrift er tilstrekkeleg drøfta opp mot dagens situasjon, med ingen hytter og lite trafikk. Det blir nemnt at det er eit behov for ein regional plan for reindrift, men det blir ikkje eksplisitt synt til det pågåande arbeidet på fylkesnivå med denne planen eller omsyn som alt er lyfta i dette arbeidet.

Det blir nemnt at Mauken/Tromsdalen reinbeitedistrikt er nøgd med at den nye planen er trekt lenger ned frå Nakkfjellet. Men i innspelet frå distriktet skriv dei at dei ikkje kan gå med på at tiltaket blir gjennomførd fordi summen av dei negative konsekvensane er for store. Ingen nyare rapportar eller utgreiingar om naturmangfald og arealbruk er nytta. Me veit òg at innan me får rapportar og utgreiingar på bordet så har gjerne situasjonen på bakken endra seg òg, dessverre når det er snakk om klima og miljø, stort sett forverra seg.

Eg meiner derfor det er all grunn til å vera særs lydhøyre overfor innspel som kjem frå dei som ser og kjenner klima- og miljøendringar på kroppen fyrst. Det er gjerne dei som lever av å nytte seg av naturen på berekraftig vis.

Eit anna viktig element som ikkje er drøfta er korleis arealbruken på heile halvøya samla sett har utvikla seg dei siste åra. Det er mykje flott med at me nyttar dei bynære fjella og heiane til friluftsliv og rekreasjon, og desse områda har aktivt vorte gjort meir tilgjengelege med merking av stiar, sherpatrappa, og trakking av skiløyper.

Det er òg mykje som er positivt med reiseliv og det å legge til rette for at tilreisande skal få rike naturopplevingar i Tromsø. Men det gjer at dei områda med relativt lite ferdsel blir enno viktigare for andre dyr og plantar, og som folkevald har me ansvar for desse òg.

Når saka no kjem opp til kommunestyret hellar det mot at SV røystar ned forslaget. I framtida, anten det gjeld dette eller andre område, så ynskjer me oss ferskare utgreiingar om naturmangfald og negative konsekvensar for viktige eksisterande næringar som reindrifta. Hyttebygging er ein type inngrep som endrar eit område i lang tid framover, kanskje for all tid, då er det heilt avgjerande med eit grundig og oppdatert saksgrunnlag.