Ein nær kollega og ei god venninne har gått ut av tida. Toril Swan døydde 13.09. etter ein kort, men hard og dramatisk sjukdomsperiode. For alle oss som kjende Toril, er dette triste tider.

Toril var fødd 19.10.1945 i Sandnessjøen. Den akademiske utdanninga si fekk ho i USA og Noreg, og ho budde i mange år i USA. Ho blei tilsett i ei stilling i engelsk språkvitskap ved Universitetet i Tromsø i 1980, tok doktorgrad på ei avhandling om adverbial i 1987 og blei utnemnd til professor i 1990.

Vidare var ho dekan ved Det humanistiske fakultet i Tromsø frå 1997 til 2002, hadde eit avbrekk i to år i same stilling ved Universitetet i Stavanger før ho valde å vende tilbake til Tromsø, til stor glede for kollegaer og studentar her. Toril var ein dedisert undervisar; ho hadde eit nært forhold til studentane og følgde mange av dei lenge etter at dei hadde avslutta studia sine. Studentane verdsette undervisninga hennar høgt.

Ho var morosam, hadde mykje humor og kunne vere svært slagferdig. I forskinga si arbeidde ho med historisk lingvistikk, kognitiv lingvistikk, metaforar og språk og kjønn. Ho var heilt sentral da fakultetet tok til å utvikle eigne doktorgradsprogram, og la ned eit stort arbeid i den samanhengen.

På svært ulike måtar kom ho til å bety mykje for fagmiljøet på fakultetet, og slett ikkje berre for engelskfaget. Ho har vore medlem av Det norske Videnskaps-Akademi sidan 1997. Gjennom heile arbeidslivet tok ho også på seg ymse verv, og var gjennom fleire år styreleiar og nestleiar i Tromsø forskarforeining. I tillegg har ho vore gjesteprofessor på fleire utanlandske universitet.

Da Toril blei pensjonist, flytta ho til Bergen, til sin kjære ektemann, Leiv Egil Breivik. I Bergen blei ho fort engasjert i Human-Etisk forbund og la ned eit stort arbeid der, m.a. som leiar gjennom fleire år.

For oss er det likevel mennesket og vennen Toril som har den største plassen i livet vårt. Ho var ein trufast venn med omtanke og empati, raus med ros og samstundes god til å stille kritiske spørsmål. Når Toril spurde «Hva mener du?», visste vi at vi burde skjerpe oss. Ho var så god til å avsløre dårleg tenking, og det på ein tilsynelatande vennleg måte. Når ho i tillegg var verdas mest tolerante menneske, supplerer det bildet av eit raust og gåverikt menneske.

Adam er Torils einaste barn. Hans karakteristikk av mora stadfestar dei mange andre gode eigenskapane Toril hadde: «Hun var den beste mor noen kunne ønske seg.»