I 2021 var vi ei lita gruppe soroptimistar i Tromsø som skreiv eit brev til ordføraren i byen og peikte på kor kjønnskeiv kommunen framstår som, med svært få kvinnenamn på gater, vegar og plassar, og ingen – null – 0 – kvinner som er funne verdige til å komme på sokkel, altså ingen statuar eller monument over kjente kvinner.

Det einaste vi da oppnådde, var at media kasta seg over saka, truleg fordi vi hadde brukt uttrykket «kjønnskeiv» i overskrifta på brevet vårt, og det blei fanga opp av avisene og NRK frå brevjournalen til kommunen. Vi hadde moro av at somme fann det opportunt å belære oss om kva «skeiv» betyr, ikkje den bokstavlege tydinga av ordet, som vi brukte, altså om noko som er på skeiva eller heilt skakt, men om den metaforiske tydinga som sjølvsagt spring ut av den bokstavlege.

Ordføraren kom på banen og uttrykte at han var einig med oss. Og så skjedde – ingenting! Året etter skreiv vi på nytt og minte ordføraren på kva han hadde sagt. Vi etterlyste altså handling. Ingenting skjedde. Det kan vi eigentleg forstå, for brevet til ordføraren i 2022 var datert berre eit par dagar før Russland gjekk til åtak på Ukraina. Etter at det skjedde, hadde dei fleste av oss andre ting å tenke på.

Men no er det sanneleg på tide at kommunen får ut fingeren – for ikkje så seie begge hendene – og gjer noko. Eller er saka gløymd? Det einaste som faktisk har skjedd i saka, er at det er vedtatt å namngje ein liten vegstubb nord i byen etter Karoline Mathisen. Det vedtaket bør ingen vere stolt av; denne vegstubben er ingen skikkeleg veg, og heller ingen skikkeleg plass. Ikkje er det komme opp noko vegskilt heller, og kjem det opp, vil det vere lite til ære og mykje til æremink for Karoline Mathisen, slik denne vegstubben ser ut.

Mens Tromsø kommune har sove i timen, har Mosjøen kommune sytt for å få to viktige kvinnelege forbilde på sokkel, lyrikaren, feministen og mor til nordlandsbunaden, Astrid Langjord og organisatoren og sameaktivisten Elsa Laula Renberg. Andre aviser har fortalt om kva som er i ferd med å skje i Oslo, der kommunen har vedtatt å byte ut ein del namn på gater og vegar og gje dei nye namn, namn etter kvinner som er å sjå på som føregangskvinner i Oslo.

I tillegg har Oslo kommune vedtatt å reise statuar av fleire kvinner i byen, sjølv om byen faktisk har 30 kvinner på sokkel frå før. Det kan vi lese om i ei bok av Marta Breen, Helene Uri og Hilde Østby med tittelen Kvinnenes by. En feministisk guide til Oslo. I 2019 vedtok Bergen kommune ein plan for å synleggjere fleire kvinner på same måten som Oslo no gjer; først ute var Kim Friele.

Å kalle opp føregangskvinner burde også Tromsø kommune klare å gjere relativt lett, mellom anna fordi nye vegar treng namn. Det burde vere ei enkel sak å bestemme at alle nye vegar no framover skal ha kvinnenamn, den aller første av ein viss storleik kunne f.eks. bli Karoline Mathisen til del.

Vi som står bak dette brevet, som er eit ope brev til ordføraren og også kvinnelege og mannlege kommunestyrerepresentantar, er for tredje året på rad i ferd med å lage ein kalender om føregangskvinner i nord. Jamvel om vi ikkje portretterer levande kvinner, kan vi slå fast at vi har mange nok å ta av, også til nye kalendrar i åra som kjem. Så kommunen vil ikkje ha problem med å finne viktige kvinner som fortener å få vere med på å synleggjere Tromsø by som visuelt landskap. Slik dette landskapet står fram i dag, representerer det ein kjønna praksis som for lengst burde vore tilbakelagd.