Det er flott at iTromsø løfter klimasaka på kommentatorplass, og vi er også glad for at kommentarartikkelen anerkjenn at Tromsøerklæringa er visjonær på vegne av kommunen vår. Det verker likevel som at forfattaren ikkje har fått med seg alt det Tromsø gjer for å nå måla om nullutslepp av CO2.

Tromsø kommune har tatt viktige steg i riktig retning:

  • Tromsø Hamn har saman med Troms kraft starta selskapet Fjuel som skal sørge for grøn energi til skipsflåten og andre. Skipsfarten er den største kjelda til CO2-utslepp i Tromsø.

  • Det kommunalt eigde selskapet Remiks arbeider med å realisere eit biogassanlegg. Det vil redusere utsleppa frå kloakken og matavfallet i Tromsø og regionen, og vil samstundes produsere utsleppsfritt drivstoff til tungtransporten.

  • Tromsø kommune har gjort forsøk med fossilfrie byggeplassar. Det har vi enno ikkje komen heilt i mål med fordi entreprenørane ikkje er heilt klare, men kommunen presser på.

  • Eit av våre aller største miljøprosjekt er Tenk Tromsø. Det vil stanse veksten i privat biltrafikk og gje langt betre tilhøve for dei som tar buss, går eller syklar samstundes som det blir rom på vegane for næringstrafikk og dei som må køyre.

  • Vi har vedtatt ein klima- miljø- og energiplan, kommuneplanens samfunnsdel og reviderer no arealplanen. Dette er dei mest sentrale plandokumenta i kommunen, som alle har eit tydeleg klimaperspektiv, og legg tydelege føringar for utviklinga av kommunen i ei meir klimanøytral retning.

  • Tromsø kommune investerer millionar kvart år for å elektrifisere den kommunale bilparken. Blant anna legger vi opp til lading av kommunale elektriske bilar i stort monn.

  • Og, vi søker om å bli ein av 100 klimanøytrale og smarte byar i Europa innan 2035. Det vil stille krav til oss, men det vil og opne døra for europeiske finansieringskjelder.

Ja, det er ingen tvil om at det blir ei utfordrande omstilling for oss alle. Tar vi sanningsserum vil det komme tydeleg fram at Tromsø kommune er i gang, men at vi ikkje klarer dette aleine.