Klimaloven av 2017 har som mål at Noreg skal vere eit lågutsleppssamfunn i 2050, i tråd med internasjonale avtalar.

Sidan 1990 er norske klimautslepp blitt knapt fem prosent mindre, medan andre skandinaviske land har minka utsleppa med 30-40 prosent. Er det muleg for Noreg å bli kvitt storparten av utsleppa på dei 26 åra? Korleis?

Klimautvalget – 2050 har svara på desse spørsmåla. Utvalet, med økonomen Martin Skancke som leiar, la i oktober fram «Omstilling til lavutslipp», NOU 2023:25. Det slår fast at klimapolitikken må bli meir truverdig.

Utvalet behandlar energisystemet, areal og natur, matsystemet, transport, velferd og sirkulærøkonomi, næringsstruktur og innovasjon, Noregs globale fotavtrykk og petroleumssektoren. Framstillinga er veldokumentert, nyansert og held ein sindig tone.

Rapporten merkar seg ut med tidsperspektivet. Utgangspunktet er ikkje i dag, men i 2050, då det aller meste av norske klimautslepp må vere fjerna for godt. Sjansane er best om vi startar no.

Alle tiltak og inngrep må vurderast i lys av målet: Vil det skape klimagass-utslepp i Norge? Vil det auke utsleppa globalt? Vil det krevje meir utsleppsfri energi? Vil naturareal bli påverka? Vil tiltaket bidra til varig omstilling? Vi får forklart korleis varig omstilling kan bli muleg. Det gir håp for framtida, som vi treng.

Klimapolitikken må bli meir langsiktig og femne breiare. Det gjeld ikkje berre å minke utsleppa frå norsk territorium, men også frå norsk eksport. Utvalet peikar på at Noreg som olje- og gassprodusent eksporterer klimautslepp som er ti gongar større enn dei samla utsleppa innanfor grensene våre, rundt 500 millioner tonn CO2-ekvivalentar. Utvalet legg fram eit heilheitleg og samanhengande syn på den globale klimakrisa og årsakene, og gir eit grunnlag for den nødvendige debatten om Noreg sine val i klimakrisa.

No har rapporten vore på høyring, og mange lurar på kva som skjer vidare. «Lavutslippsutvalget» av 2006, som Jørgen Randers leia, hamna i ei skuff. Tid har gått tapt. Ein kan forstå at Klimautvalget – 2050 slår fast at overgangen til lågutsleppssamfunnet krev politisk leiarskap.

Miljøorganisasjonar og politiske parti krev at Klimautvalget blir følgd opp av regjeringa og behandla i Stortinget. Også årsmøtet til Besteforeldrenes klimaaksjon i Troms vedtok at vi forventar at regjeringa følgjer opp i ein konkret handlingsplan, som blir behandla av Stortinget. I februar skreiv vi til Miljødepartementet og spurde: Korleis er planen for Klimautvalget – 2050? Blir rapporten behandla i Stortinget?

Svaret kom 29. april. Der står at regjeringa arbeider med å vurdere tilrådingane til utvalet, saman med innspela frå høyringa. Regjeringa vil legge fram for Stortinget ein «helhetlig inngang» til oppfølging av anbefalinga til utvalet, mellom anna i ei ny klimamelding for perioden etter 2030, som skal leggast fram.

Det er ikkje lett å tolke. Får vi ein ny, truverdig klimapolitikk?

Ingunn Elstad, Besteforeldrenes klimaaksjon i Troms.