Marianne Bjorøy er leiar i Øygarden FK, den nye strileklubben i 1. divisjon. Marianne Bjorøy er leiar i Øygarden FK, den nye strileklubben i 1. divisjon. Foto: Geir Martin Strande

Øygardens om koronareglane: Dette greier me ikkje

– Det er umogleg for oss å be spelarar som har jobb eller tek utdanning å gå i karantene, seier Marianne Bjorøy, leiar i Øygarden FK.

Toppfotballen er sleppt laus, men på strenge kår. Det er mange reglar som må følgjast for å halda koronaviruset vekke frå norske treningsfelt og fotballstadia.

Det aller mest inngripande er truleg kravet om at spelarane, sitert frå Fotballforbundets protokoll, «Skal ikke gå på skole eller jobb utenom tiden en bruker sammen med laget på trening og i kamp».

– Dette går an for ein eliteserieklubb som har profesjonelle spelarar. Men for oss som har spelarar som er i jobb eller tek utdanning, er det umogleg, seier Marianne Bjorøy, leiar i Øygarden Fotballklubb.

Den nye 1. divisjonsklubben, som har teke plassen til Nest-Sotra, har fått ein verst tenkjeleg start. Etter det BT forstår er berre rundt halvparten av budsjettet på plass, og mange sponsorar er avventande til ein ny klubb som ikkje har vist noko enno. Alle klubbens tilsette er permitterte.

To fasar

Eliteserien skal starta opp med trening over helga, og kampane tek til 16. juni. Dette vert kalla fase 1.

Fase 2 er 1. divisjon og Toppserien. Startdato er sett til 7. juli.

Bjorøy har ikkje tru på at det kjem ei statleg krisepakke som gjer at Øygarden kan kjøpa spelarane fri frå sin jobb til å gå i karantene. Derfor er oppmjuking av reglementet det mest aktuelle å håpa på for å kunna koma i gang med fotball også i 1. divisjon.

– Me kan i alle fall ikkje ta på oss å ta folk ut av studier og arbeidsliv, seier Bjorøy, før ho legg til:

– Alle spelarane og trenarane våre er veldig ivrige på å koma i gang med å spela, det står ikkje på det, men me må finna ut av vegen vidare. Det Abid Raja sa i går var ikkje veldig konkret med tanke på 1. divisjon.

– Det er eit stort alvor knytt til å få dette til. Norsk idrett kjem til å verta målt på det me gjer no, seier Leif Øverland, direktør i Norsk Toppfotball. Foto: Gorm Kallestad, NTB scanpix

– Alle er i same båt

– Det Øygarden peikar på er kjempeutfordrande, medgir Leif Øverland, direktør for Norsk Toppfotball.

Han seier at nettopp problemet med spelarar som har jobb utanom idretten er ei av årsakene til at pilotprosjektet med å starta opp att fotballen er delt i to faser. Fase 1 for Eliteserien, som nesten berre har profesjonelle. Fase 2 for 1. divisjon og Toppserien, som stort sett har semiproffar.

Øverland håpar erfaringa frå fase 1 og den planlagte opninga av samfunnet kan bidra til at fase 2 får mindre strenge koronatiltak å forholda seg til.

– Men pr. no er det same krav til alle. Me må berre leggja til rette for at Obosligaen får dette til. Me ønskjer ikkje å starta med 14–15 klubbar, alle er i same båt, seier Øverland.

Gorm Natlandsmyr, dagleg leiar i Åsane, er trygg på at sesongen vert ferdigspelt. Foto: Eirik Brekke

Åsane: Det vert full sesong

I Åsane er dagleg leiar Gorm Natlandsmyr sikker på éin ting:

– Heile sesongen vert spelt, med 30 kampar. Det er eg hundre prosent sikker på, og det er viktig både sportsleg og økonomisk, seier Natlandsmyr.

Han seier han trur det er smart at Eliteserien brøyter veg.

– Nokon må gå i førevegen og det er supert at dei gjer det. Når ein kan fasa inn 1. divisjon og Toppserien, håpar eg det ikkje vil vera like strengt som no. Ein situasjon der spelarane ikkje skal på jobb, er vrien for Åsane, seier Natlandsmyr.

– Eg satsar på me kan tre inn under litt mindre strenge krav, med fullkontakttrening i juni som gjer at me kan starta midt i juli, held Åsane-sjefen fram.

Pål Hansen i Sandviken. Foto: Bård Bøe

– Me er ikkje likestilte

Sandvikens styreleiar Pål Hansen fortel at alle spelarane han rår over – sett vekk frå landslagskeeper Oda Bogstad – har ein eller annan geskjeft utanom fotballen. Hansen uttrykkjer stor glede over at fotballen skal få lov til å starta opp, og reknar med at klubbane enten vert kompenserte slik at dei kan kjøpa spelarane sine fri frå andre jobbar, eller at restriksjonane vert lempa på etter kvart.

– Fotballen i Norge er ikkje likestilt. Hadde dette vore ski, handball eller ein annan idrett med mindre skilnader, hadde me ikkje hatt desse diskusjonane, men i fotballen er det enorme skilnader, og det er akseptert, seier Hansen.