Viss ein beveger seg så vidt utanfor dette idealet, byrjar avgrensingane å strøyme på. I alle fall er det slik det ofte kjennest.

Historia vitnar om det same; feministrørsla oppstod som eit resultat av kvinneundertrykking, medan apartheidlovene i Sør-Afrika og slavehandelen systematisk undertrykte farga menneske, samt underordna dei under dei kvite herrane deira.

I Noreg vart homofili avkriminalisert så seint som i 1972, medan det framleis er forbode og straffbart i andre delar av verda. Det er dette siste poenget eg skal fokusere på i dette innlegget, ikkje fordi eg meiner at det er viktigare enn dei to andre, men fordi det er dette som rører ved meg personleg. Eg ynskjer med dette å gjeve lesaren innsyn i ei verkelegheit som er så kjend, men likevel så ukjend for mange.

Sjølv om homofili som såleis er eit velkjent fenomen i dag, slår det meg av og til at den gjennomsnittlege nordmann veit alt for lite om kva for utfordringar og vanskar ikkje-heterofile personar møter i samfunnet og ikkje minst på det personlege plan. Sjølvsagt kan ikkje eg som enkeltperson tale på vegner av ei så stor og variert gruppe, men eg vil ta utgangspunkt i mine eigne erfaringar og tankar, medan eg veit at desse ikkje er unike for mitt tilfelle.

I likskap med alle andre menneske har eg mange draumar. Den største draumen eg har i livet, er å gifte meg, flytte på landet og få born. I dag er det på ulike måtar mogleg å mikse og trikse for å få til dette, så det er heldigvis ikkje der vanskane oppstår.

Utfordringa ligg i at så mange utanforståande kjenner ei slags moralsk forplikting til å seie si meining om saka, og fordøme det opp og ned. Det er støtt dei same poenga som kjem opp, det at born treng både mannlege og kvinnelege førebilete, samt trygge stabile rammer i livet. Her er det akkurat som om mi evne til å syne omsorg og til å oppdra blir drege i tvil, berre fordi eg ikkje er i stand til å forelske meg i ei jente.

Dette tykkjer eg verkar heilt absurd! Eg er heilt einig i det at born treng trygge rollemodellar av begge kjønn. I mitt tilfelle er eg så heldig å ha ein ressurssterk familie som står klar til å stille opp for meg, ergo er dette problemet løyst.

Eg tenkjer ofte på alle dei borna som veks opp i ustabile heimar, prega av utryggleik fordi mor og far rusar seg, eller misbrukar alkohol. Dette er uskuldige born som er fødde av foreldre som ikkje er i stand til å gjeve barnet sitt den omsorga de fortener. Det er desse borna det er synd i, ikkje det barnet som veks opp med to mammaer eller pappaar, foreldre som ynskjer så mykje å gjeve barnet omsorg og ein trygg oppvekst at dei betalar i dyre dommar for å få lov til dette.

Lat oss nå bevege oss attende til kvardagen. Vi har alle sett kjærasteparet som går samen nedover Storgata, handa hennar i handa hans – så naturleg at vi knapt legg merke til det. Eg tykkjer det er utruleg koseleg å sjå at desse to er så glade i kvarandre, men eg blir også fylt med eit slags vemod.

Eg tenkjer at eg så gjerne skulle ynskje at det var meg som kunne gå der så umerkande og leie kjærasten min, men realiteten er annleis. Mange homofile og lesbiske par vegrar seg for å leie kvarandre, ikkje fordi dei er flaue over partnaren sin, men fordi det er så utruleg slitsamt å bli møtt med blikk og folk som snur seg for å sjå ein gong til.

Av og til risikerer ein også å få ein spydig kommentar slungen etter seg, sjølv om mi erfaring er at dette høyrer til sjeldanheitene. Eg drøymer om å kunne gå hand i hand gjennom Storgata med kjærasten min ein laurdag føremiddag, utan å pådrage meg uynskt merksemd.

Ved eit par anledningar har eg møtt folk som seier: «I utgangspunktet tykkjer eg homofili er litt rart, men med deg er det annleis, for du er så triveleg». Dette argumentet summerer opp det største problemet i samfunnet vårt, eit problem som media ikkje minst byggjer oppunder. Vi behandlar homofili som ei slags sak, medan vi overser menneska bak. Eg er så utruleg lei av å bli redusert til ei sak, for fyrst og fremst er eg eit menneske med kjensler og tankar, og vil gjerne bli behandla deretter.

Dette er berre eit lite utval av utfordringar vi møter i kvardagen, og eg er sikker på at det finst nok døme til å fylle ei heil bok. Kvifor skriv eg dette? Jo, fordi dette er eit tema som det blir snakka veldig lite om. Eg ynskjer meg ei auka bevisstgjering kring temaet, då mange homofile der ute slit med ei kjensle av skam og mindreverd.

Mitt ynske til deg er difor: Våg å snakke med andre om dette, med borna dine, venar, kollegaer, kven det enn måtte vere. Vi treng meir openheit. Tabu er til for å brytast, og det er faktisk ansvaret vårt å gjere nett det!