Sjefredaktør i iTromsø Stig Jakobsen hevdar at det er vanskeleg å visa til noko konkret Miljøpartiet Dei Grøne har tilført Tromsø dei siste åra, og han kan ikkje hugsa ein einaste sak som Barbara Vögele har fronta og fått gjennomslag for her i byen.

Ein kan undra seg over at ein sjefredaktør er så dårleg informert om kva som skjer i lokalpolitikken som Jakobsen gjer til kjenne her. Han burde ha fått med seg at Dei Grøne også i Tromsø er ei kompromisslaus stemme i ei rekke debattar.

For det fyrste blei det nasjonal merksemd om oppdrettspolitikk i Tromsø like før jul, då Barbara Vögele og MDG fekk med seg fleirtalet i kommunestyret på at Tromsø berre skulle tillata nye og forlenga konsesjonar i oppdrettsnæringa til anlegg som har lukka teknologi. iTromsø har skrive mykje om vedtaket og Arbeiderpartiet si vingling i etterkant av vedtaket i kommunestyret.

Vedtaket om at framtidig oppdrettsvekst i lukka anlegg var eitt av dei 45 forslaga Miljøpartiet Dei Grøne stilte til «Klima- miljø og energiplanen» i kommunestyret i november. MDG fekk fleirtal i kommunestyret for 28 av forslaga til ein plan som var svært mangelfull då han blei lagt fram for kommunestyret.

Det var for eksempel Miljøpartiet Dei Grøne som foreslo og fekk fleirtal for at Tromsø kommune no har forplikta seg til 85 prosent reduksjon i klimagassutslepp innan 2030. Det var dessutan MDG som fikk gjennomslag for at alle tiltakspunkt er formulert med «Tromsø kommune skal…» i staden for uforpliktande formuleringar som «øke fokus», «intensivere» og «vurdere».

Det blir for omfattande å gå gjennom alt det andre MDG fekk gjennomslag for i planen. Men det er likevel ingen tvil om at Tromsø kommune står fram som ein langt meir ansvarleg og framtidsretta kommune enn om Miljøpartiet Dei Grøne sine forslag ikkje hadde fått gjennomslag.

Miljøpartiet Dei Grøne har hatt to kommunestyrerepresentantar i Tromsø dei siste fire åra. Likevel er det grunn til å trekka fram at dei har vore synlege på viktige politiske område. Terje Traavik har vore leiar av Tromsø kommune sitt jernbaneutval, og han har gjort ein svært viktig jobb for å synleggjera at jernbane til Tromsø er av uvurderleg verdi i nord. Aldri har me vore nærare ein jernbane til Tromsø!

Barbara Vögele har på si side leia kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Dette er ikkje ein styreposisjon som gjev mykje mediedekning. Likevel har Vögele vore ei kompromisslaus stemme i kommunestyret for menneske med nedsett funksjonsevne. Ho har sørga for at denne gruppa har blitt tatt omsyn til i alle relevante planar og saker som har blitt behandla i kommunestyret.

Miljøpartiet Dei Grøne har satt dagsorden i ei rekke saker i denne kommunestyreperioden. Med to kommunestyrerepresentantar, har me fått til meir enn ein kunne forventa. Vil du at me skal gjera endå meir for at Tromsø skal bli ein meir framtidsretta by for alle oss som bur her? Vil du støtta ein politikk som prioriterer menneske og miljø? Stem grønt.