Stephanie Meyers skal visstnok ha skrevet Twilight-bøkene etter ein drøm ho hadde, og hovudpersonen Edward Cullen (Robert Pattinson) er i bøkene beskrevet som hennes drømmemann. Derfor kunne ho ikkje la noko skje med denne drømmemannen, så alle hakane med å vere vampyr er automatisk borte.

Dei einaste kjenneteiknane med klassiske vampyrar og vampyrane i Twilight, er at begge drikk blod, berre at dei i Twilight gjør det frivillig, og kun dei som er avhengige av blod treng det. Vampyrane tar heller ikkje skade av å gå ut i sollys eller ete kvitlauk. Om ikkje det var nok kan vampyrane gå kor dei vil uinvitert, springe raskare ein normale folk og lese tankane til andre. Enkelte vampyrar kan forårsake smerte i kroppen til andre, kun ved å sjå på vedkommande. Slike glippar mellom den klassiske myta om vampyrar og filmen foregår gjennom heile filmen

Det blir fort klart at målgruppa er tenåringsjenter, som betalar kinobilettane for å sikle på kroppane til veltrente guttar. Noko som er heilt openbart, sia tre fjerdedelar av dei mannlige hovudrollene aldri blir sett med t-skjorte på seg.

Plottet går ut på at Bella Swan (Kristen Stewart), ei vanlig jente på 18, og Edward Cullen, ein vampyr på 108, er forelska i kvarandre. Filmen startar raskt med at Bella blir 18, men er så flau over det, fordi ho synes ho er så gammal. Seinare i filmen blir Edward Cullen emosjonell og forlatar Bella Swan heime, mens han reisar til Brasil, for ingen spesifikk grunn, til tross for at han ”elskar” ho.

Utan Edward i nærheita blir Bella Swan traumatisert av mareritt og dårleg humør. Ho brukar tida si på å henge med Jacob Black (Taylor Lautner), som visar seg å vere ein varulv. Lite overraskande, så kan varrulvane transformere til og frå menneskeform som dei sjølv vil, uansett om det er fullmåne eller ei. Jacob Black blir misunnelig på Edward Cullen, og etter fram og tilbake ei stund, prøvar Edward Cullen, i eit slag av emosjonellheit, å drepe seg sjølv fordi han trur Bella er daud. Selvfølgeleg må Bella Swan, og ingen andre, redde han.

Om eg skal si noko positivt om filmen, så må det bli at slossescenane var veldig godt gjennomført. Resten av høgdepunktane i filmen må ha vert, etter reaksjonen til resten av publikummet, når Edward seier dårlege klisjéar til Bella, som t.d ”Du gjør meg lykkeleg med å puste”.

Handlinga heng ikkje saman, dialogen er falsk og klisjéfylt, plottet er tynnare ein ei synål, og konseptet er like gjennomført som ei barnebok. Som nemnt tidligare er det einaste plusset slossescenane, men det gjer ikkje opp for å øydeleggje vampyrsjangeren. Twilight-serien er no såpass populær at den mest sannsynligvis har definert moderne vampyrar. Så du nokon gong Dracula lese tankane til ofrane sine?