Desse minna sit som spikra. Eg var knapt ti år. Eg startar 3. mai 1940, endå det var mykje dramatikk før det frå niande april. Vêret var strålande. Brått kjem eit tysk fly og går til åtak på Tordenskjold, ei såkalla ilgodsrute. Bombene hagla rundt skipet, men takka vere dyktig manøvrering av styrmannen blei det ikkje treff. Dette var fredag. Søndag 5. mai er det eit nytt åtak på gamle Richard With som kom frå Sørreisa i ekstra rute under krigen.

Heller ikkje denne gongen blei det treff takka vere dyktig mannskap på båten. Eg tenker med gru ka som viile ha hendt om det blei treff der vi stod vettskremt i kjellaren heime i Lavik og kjente jorda skalv når bombene eksploderte på botn. Båten gjekk på sør like utanfor støa heime. Eit blodbad, for det var mange norske soldatar om bord. Det var sagt at ei av bombene trefte flaggstonga som stod på skrå att på hekken. Båten gjekk seg på grunn på sandbotn på Furstrand, og mange vassa i land.

Her vil eg overlate ordet til biskop Wollert Kronhn-Hansen som i boka «Den brente jord» har skildre dette drama. Kona og borna hans var passasjerar på denne båten. Hør ka han skriv: «Sør for Finnsnes (eller rettare; sør for Sørreisa) var hurtigruten blitt angrepet av et tysk fly. Først skaut de med maskingevær frå stor høgde. Da ingen svarte på ildgivningen, kom det svært lågt og bestrøk dekket med maskingeværild. En livbåt på båtdekket blev gjennomhullet som ein såld- bestikklugaren treft av et luftprosjektil. Så begynte bombinga. Ni bomber blev sloppe, men ingen fulltreffar.

Kapteinen skjønte at skuta måtte landsettes. Heldigvis var det sandfjære i nærleiken (på Furstrand). Idet skipet nærma seg land, falt ein bombe så nær at hele skipssida blev trykket inn. Alt som fanst av porselensvaskar, krustøy o.l. blev knust-lugardørene blev for ein stor del revet av hengslene og slynget inn i lugarane. Men ingen såret! De fleste passasjerar var nemleg på det tidspunktet på dekk. Livbåten med mine om bord kantra, så de måtte vasse i land». Så langt biskopen.

Ka meir? Jau, fly. Eg hadde knapt sett fly før krigen. Men no vrimla dei i lufta. Eg har alt nemnt tyske fly. Men så kom engelske. Bardufoss flyplass var innvigd i 1938. Den blei viktig i krigen. Frå England kom hangarskipet «Glorius». Flya flaug frå hangarskipet og til Bardufoss. Herfrå deltok dei i kampane. Det var lette jagarfly.

Eg såg dei dreiv øving over Brattebjørga, og ein gong kom ei fly nær sagt utanfor stuedøra heime. Men akk for tragedie. Då kampane slutta og vi måtte kapitulere, skulle hangarskipet gå over til England. Då blei det angripe av dei tyske slagskipa «Scharnhorst» og «Gneisenau» og senka saman med kryssarane «Acasta» og «Ardent». Alle flya blei øydelagt og fleire hundre menn omkom. Berre eit lykketreff var det at ikkje den norske kongen og regjeringa omkom då dei skulle over til England med kryssaren «Devonshire».

Assosiasjonar. Det er underleg. Vi høyrde på han Lars Normann Sørensen frå Tromsø Radio. Radioen i Oslo var overtatt av han Quisling og tyskertan. Det blei spelt for det meste marsjar mellom anna Norsk Turnermarsj av Oscar Borg. Då ser eg for meg engelske krigsskip i full fart nordover på Solbergfjorden.