Blomsternamn har nesten alltid tilknytning til ymse omgrep, til dømes personar, dyr, fuglar, fisk og så bortetter. Det religiøse er ofte med, og ho jomfru Maria dominerar i så måte.

Lat oss ta nokre døme. Blomsten Tiriltunge heiter òg Maria Gullsko. Primula heiter Marianøkleblom. Marikåpa er kåpa til ho Jomfru Maria. Marihand er ein orkidé. Graver vi i jorda under planten, så vil vi finne to knoller, ein frisk og ein vissen. Den friske er ny av året, men den visne er frå året før. Knollen har skap som ei hand. Derav namnet Marihand. Det religiøse aspektet er her med på ein anna måte.

Då vi var ungar slepte vi desse to knollane i vatn. Den visna kalte vi Eva og den friske Adam. Ho Eva flaut, medan han Adam sokk. Så har vi ein blomst som heiter Marimjelle. Her òg er ho Jomfru Maria inn i bildet. Så har vi Olavstake som i folketradisjonen er St. Olav sin lysestake. Den er sjeldan. Men eg har eg funne den oppe i Målselv.

Prestekrage og balderbrå. Blomsten minner om den ærverdige pipekragen som prestane hadde før, men som no er gått av mote her hos oss. Men kanskje ikkje i Danmark.

Kongsspir. (Pedikuláris scéptrum- carolínum.) Denne vedunderlege blomsten som ser ut som ei krone, noka som òg det latinske namnet ber bud om. Den har eg funne på ein bestemt plass på Senja. No gler eg meg til å kome til staden igjen denne sommaren. Men ikkje før ut i august.

Og så må vi ikkje glømme Linnéa ( Linnéa Boreális). Den har fått namnet sitt etter den kjente svenske botanikaren Carl von Linné. Denne vesle velluktande unnselege blomen med dei to klokkene veks her hos oss. Lat oss så ta føre oss blomst i høve fuglar.

Den høge blå blomsten Storknebb som det veks mykje av her hos oss, har namnet sitt etter griffelen (den som sit midt i blomsten) som ser ut som eit nebb etter at den er avblomstra.

Så har vi Hanekam som er rød og minner oss om det hanen har på hauet. Lerkespore, som veks i hagen min, minner om spore som Lerka har på foten sin. Dyr.

Den forargelege løvetanna. Korfor heiter ho det? Jau, det er av di blada er flikete og kan minne om rovdyrtenner.

Hestehoven. Det er no òg eit namn på ein blomst. Det er fordi blada som kjem etter at ho er avblomstra ser ut som hoven på ein hest. Ting. Gjetertaske. Skulpen (den som frøa er festa til) ser ut som ei taske, veske, og er då veska som gjetarjenta, eller guten har den fattige maten sin i.

Smørblomst, eller engsoleie. Den gule blomsten kan minne om smør, kanskje smør av råmelk, for det smøret var ekstra gult.

Issoleie (Ranúkulus Glasiális). Den veks attmed isbrear, høgt høgt til fjells. Dunkjevle kan minne om eit kjevle. Den veks ikkje her, men i vasskanten sørpå.

Borre. Eg veit ikkje ka namnet betyr. Men eg tar den med av di borrelåset kjem frå denne planten. Frøa har hakar som gav ein sveitsar idéen til borrelåset.

Ljåblom. Når denne planten var utvoksen, kunne ljåen slipast.

Mjødurt. Denne høge planten med kvite blomster kunne brukast som smakstoff til drikkevarer, til dømes mjød som dei gamle vikingane var så glad i.

Lintorskemunn. Blomsten kan minne om munnen på ein fisk. Den veks ikkje vill her. Men eg fann den på Salangverket. Kom vel med frø i fôret til hestane medan verket var i gang.

Til slutt tar eg med den prosaiske grasfamlilien, for her finn vi maten til både dyr og menneske, graset til dyra og kornet, bygg, havre, rug, kveite og ris til oss menneske. Men aller sist tar eg med blomsten Forglemmegei, denne nydelege blå blomsten som eg har vill i hagen min. Sei det med blomster heiter det. Ja, lat oss seie det med blomster og kjærleik.