Difor er det viktig at vi no ser på korleis vi kan legge betre til rette for ein velfungerande drosjemarknad.

Nyleg hadde regjeringa forslag til nytt drosjeregelverk på høyring, og vi ventar å kunne leggje fram nye reglar for Stortinget før sommaren. Dette har medført ein del reaksjonar, mellom anna frå Norges Taxiforbund. I iTromsø 7. mars skriv styreleiar avdeling Troms, Åsmund Karlsen, at vi no legger opp til eit lausarbeidarsamfunn og sosial dumping. Dette er heilt feil.

Vi skal ikkje ha eit frislepp av drosjenæringa, eller fjerne reguleringane. Det vil ikkje vere fritt fram for alle med ein bil å få drosjeløyve, som Norges Taxiforbund påstår. Vi vil behalde kravet om løyve. Og for å få eit løyve må den som søkar også oppfylle fleire krav, som mellom anna god vandel. Vi vil også ha strengare krav til bilførars fagkompetanse.

Eg har vore oppteken av at det framleis skal vere gode drosjetilbod i distrikta. Fylkeskommunane skal difor kunne gje einerettar til enkelte aktørar. Denne eineretten vil på mange måtar fungere slik som behovsprøvinga gjer i dag. Lokale styresmakter vil slik ha gode verktøy for å sikre eit tilfredsstillande drosjetilbod utanfor dei store byane.

Det vil også stillast krav til sikkerheit for køyretøyet. Vi vil med andre ord ikkje gjere det fritt fram for alle med ein bil til å kunne køyre drosje.

Vi kjem ikkje unna endringane som skjer i drosjenæringa. Vi ønsker større konkurranse i byane og moglegheit for bruk av ny teknologi, samtidig som vi sikrar tilbodet i distrikta. For å oppnå dette må vi syte for at dei som vil bruke taxien faktisk bruker dette i den regulerte delen av næringa. Med forslaget til nytt regelverk legger regjeringa til rette for nettopp det.