Ein stor andel av turistane som kjem til Tromsø bruker fly eller cruiseskip, og antall cruiseanløp og antall direkteflygningar til utlandet aukar per år. Carlo Aall frå Vestlandsforskning uttalte nylig at «klimaavtrykket frå norsk reiseliv er nesten i same storleik som avtrykket frå norsk oljeindustri» (NRK, 24.mai).

Tromsø kommune har samtidig eit mål om ei meir miljøvennlig reiselivsnæring og kommunen har eit mål om 85 prosent reduksjon av klimagassutslepp innan 2030 (Klima-, miljø- og energiplan 2018-2025). Det er flott å sjå at både reiselivsnæringa og kommunen viser at dei vil gjere ein forskjell for klimaet. Men er det da riktig å arbeide for vidare vekst i reiselivsnæringa? Fly og cruise er dei to reisemåtane som gir størst klimagassutslepp per personkilometer. Mesteparten av desse utsleppa blir ikkje registrert i Tromsø, men det kan likevel argumenterast for at vi har eit moralsk ansvar for redusere desse utsleppa, all den tid vi reklamerer for Tromsø som reisemål. Vi må dermed ta på alvor det klimagassutslippet turistane bidrar til når dei reiser med cruise og fly.

Om vi skal nå målet om 85 % reduksjon innan 2030, bør også reiselivsnæringa bidra innanfor sin sektor. Har reiselivsnæringa ein plan for dette? Har reiselivsnæringa sett seg konkrete delmål for reduksjon av klimagassutslepp kvart år fram mot 2030? Vi meiner at reiselivsnæringa bør gjere dette.

Ein vidare vekst i reiselivsnæringa, som baserer seg på aukande ein antal cruiseanløp og utanlandsflygningar per år, kan tvilsomt føre til mindre klimagassutslepp og oppfylle målet om eit bærekraftig reiseliv. Kanskje Tromsø i større grad bør profilere grønne reisemåter for å komme seg til Tromsø? For utanlandske turister kan det være vanskelig å vite om alternativa med buss og tog. Reiselivet kan reklamere for denne reisemåten ved at det er ein fin, fleksibel og grønn måte å sjå landet på. Ja, det tar mykje lenger tid å ta buss og tog, samanlikna med fly, men kanskje turister som først velger ein slik reisemåte vil tilbringe lenger tid i Tromsø/Nord-Norge og skape større ringverknader.

Miljøpartiet de Grønne (MDG) er ikkje imot reiselivet og vi ynskjer fortsatt turister velkommen til Tromsø. I staden for å la markedet styre veksten, bør Tromsø kommune innføre meir offensive tiltak som vrir reiselivet i ei meir bærekraftig retning. Eit tiltak kan vere å stille strenge utsleppskrav til cruseskip som kjem til Tromsø. Med andre ord: å nekte dei mest forureinande cruiseskipa å få legge til kai i Tromsø. Det må også bli fortgang i arbeidet med å etablere landstrøm. Dette er positivt både for lokalbefolkninga, i form av reinare luft, og for klimaet.

Det allereie vedteke ei utviding av Tromsø Lufthavn Langnes. MDG meiner at ein i staden for legge til rette for auka transport med forureinande fly bør styrke kollektivtrafikken og fortsette arbeidet med og finansiering av å få jernbane til Tromsø.