Kristoffer Rypdal skriv om klima og vanskelege val 4. januar. Eg vil starte med å slå fast at vi er heilt samde om kor viktig det er med tiltak, både i Noreg og andre land for å stanse utsleppet av klimagass. Rypdal viser til rapporten frå FNs klimapanel, men eg vil også trekke rapporten frå FNs naturpanel. Den viser kor alvorleg situasjonen er for verdas natur på grunn av menneskeleg bruk, inngrep og forureining. Ein million artar er truga av utrydding dersom politikken ikkje blir lagt om, og eit av dei viktigaste tiltaka er å stanse og reversere tapet av leveområde for verdas dyr og plantar. Vi må stake ut ein kurs som både tek omsyn til naturen, og som er effektiv når det gjeld klimaet.

Her ser det ut til at vi skil lag. Rypdal konkluderer med at vi som ikkje aksepterer naturinngrepa frå landbasert vindkraft i Noreg, er med på å hindre effektive tiltak mot den internasjonale klimakatastrofen. Eit vindkraftanlegg er ikkje ein park, det eit stort industriområde, oppdelt, og med stor menneskeleg aktivitet under drift. Det er eit tapt leveområde for mange artar, i strid med anbefalingane frå FNs naturpanel.

Noko av det viktigaste Noreg kan gjera, er å satse på energisparing/ energieffektivisering og bruke frigjort og ny fornybar energi til å fase ut fossil energi i Noreg. I eit tidlegare innlegg har eg vist at vi kan fase ut fossil energi i Noreg ved å satse på energisparing/ energieffektivisering utan bygging av nye vindkraftverk, og tilsvarande har Naturvernforbundet påvist. Regjeringa har lovt oss 10 TWh spart energi i bygg innan 2030, og det er på tide at det kjem tiltak for å oppnå dette. I tillegg er det på tide at Noreg stansar utbygging av nye olje- og gassfelt.

Statnett er i sin nettutviklingsplan 2019 kritisk til å «transportere store mengder vindkraft», blant annet på grunn av «store tap forbundet med overføring av kraft over lange avstander». Krafta bør bli produsert nærast mogleg forbrukarane, både for å redusere tap, og for å redusere inngrep frå nye kraftliner. Det er eit dårleg val, både for energi og miljø, å byggje ned norsk fjell for å eksportere krafta med store tap. Tyskland, Danmark, Polen etc satsar på å gjennomføre tiltaka sjølv, og satsar mellom anna tungt på havvind, og solenergi er i sterk framvekst.

Dette med kortreist og langreist energi blir sett på spissen når vi ser på Sveits. Storbanken Credit Suisse og Zurich by satsar på langtransportert norsk vindkraft, men ikkje på kortreist vindkraft frå Sveits. I 2018 produserte alle vindkraftanlegga i Sveits til saman 0,12 TWh, like mykje energi som vindkraftanlegget på Smøla produserer på 4 månadar. Er Alpane meir verdfulle enn norske fjell?