Aelita er ifylgje filmforskaren Ian Christie ein nykjelfilm for å få innblikk i og forstå Sovjetunionen på byrjinga av 1920-talet. Han syner kaos og kvardagsliv i Moskva i tida rett etter at den grufulle borgarkrigen i Russland var over. Både styresmakter, gamal elite, dimitterte soldatar, kvinner og menn prøvar å overleve i og forstå det nye samfunnet dei samstundes er med på å forme. Mange av scenene i filmen er spela inn på gata i dåtidas Moskva, dette er interessant nok i seg sjølv. Men det er filmens science fiction-element som er hovudgrunnen til at han blir sett på som ein klassikar.

Opphaveleg var forteljinga om ingeniør Los og dronning Aelita av Mars ein roman av Aleksej Tolstoj utgjeve i 1923. Tolstoj hadde sympatisert med den tapande tsaristiske, kvite, sida i Oktoberrevolusjonen og den påfylgjande borgarkrigen. Det førde til at han i 1920 emigrerte til Paris. Likevel gjekk det berre tre år før han valde å flytte med familien attende til det som då hadde vorte Sovjetunionen. Science fiction-eventyret Aelita kan lesast som eit forsøk frå Tolstoj på å overtyde sovjetiske styresmakter at han hadde rett haldning og passa inn i det nye revolusjonære samfunnet – det er dei revolusjonære som er heltane i forteljinga. I likskap med Tolstoj hadde regissøren Jakov Protazanov òg vendt attende til Sovjetunionen etter fyrst å ha emigrert til Vest-Europa i kjølvatnet av borgarkrigen heime. Såleis var det å filmatisere det fantastiske revolusjonseventyret Aelita ei passande oppgåve for å integrere seg sjølv i det nye samfunnet.

Åsne Ø. Høgetveit, fyrstebibliotekar ved UiT – Noregs arktiske universitet.

Sjølve handlinga i filmen er noko kaotisk – det er relativt mange karakterar, med meir og mindre samanvovne historier. Me møter framtidsretta vitskapsmenn, kyniske spekulantar, frustrerte veteranar, nostalgiske adelsfolk, hjelpearbeidarar, og menn og kvinner som prøvar å få samlivet til å henge i hop. Ingeniør Los blir besett av eit mystisk radiosignal og får ein ide om å bygge eit romskip for å reise til Mars. På Mars lever dronning Aelita i det som skal syne seg å vera eit ekstremt hierarkisk og tyrannisk samfunn styrd av Aelitas far, kongen. Men Aelita er ikkje så edel og uskuldig som ein fyrst får inntrykk av.

Dei futuristiske kostymane og kulissane som syner det Marsiske samfunnet var designa av dei etablerte kunstnarane Aleksandra Ekster, Isaak Rabinovitsj og Viktor Simov, og fekk enormt stor påverknad på seinare science fiction filmestetikk. Bruken av strenge liner og harde kantar i det visuelle språket er med på å understreke det brutale og hierarkiske samfunnet på Mars.

Dronning Aelita kan òg kallast mor til alle seinare kvinnelege romvesen og cyborgar i vestleg science fiction-film. Ho er både mektig, slu og med ein tydeleg seksualitet. Og Aelita blir av filmforskaren Marie Lathers omtala som prototypen på forteljingar om det fyrste møtet og forholdet mellom menneskeheita og det utanomjordiske. Så denne filmen er ein godbit for alle sci-fi fans.

På det symbolske nivået er det (minst) to måtar å tolke Mars i filmen på. Den eine kan vera at Mars er ein metafor for det samtidige Sovjetunionen, og ein spådom om at utan ein kulturell revolusjon vil den politiske revolusjonen feile. Altså, at dersom ein ikkje får endra haldningane og kulturen i samfunnet, nyttar det ikkje å skifte ut personar og overordna system. Den andre tolkinga kan vera at Mars er ein metafor for det før-revolusjonære Russiske Imperiet. Den borgarlege ingeniør Los blir tiltrekt av det han kjenner best, det oversiktlege og ryddige, men undertrykkande. Nostalgien er i ferd med å overmanne Los, og gjer at han ikkje greier å omstille seg til den nye, vanskelege og kaotiske, kvardagen. Utan å skulle forsvare korkje Oktoberrevolusjonen eller det Sovjetiske samfunnsprosjektet, så kan båe tolkingane kan framleis få oss som ser filmen til å reflektere over kva som skal til for faktisk å endre samfunn, og korleis einskildindivid taklar store samfunnsomveltingar og personlege kriser. Det kan vera freistande for ein kvar å tvihalde på nostalgien og «det enkle livet før», heller enn å sjå realitetane i kvitauget og ta grep både på eigne og på klodens vegne. Men det vil alltid vera feil val.

God film!