Arctic Center på Finnheia - vi må ta innover oss kunnskap

Derfor vil Miljøpartiet de grønne stemme mot Arctic Center på Finnheia.

STORSTILTE PLANER: Arctic Center skal etter planen bestå av servicebygg, heisanlegg, løypetraseer og en hyttelandsby med nesten 350 hytter pluss leiligheter. Ill: Arctic Center 

meninger

Finnheia på Sør-Kvaløya er for mange eit vakkert og nydelig stykke natur, lett tilgjengelig for å utøve friluftsliv for Tromsø sin befolkning. Her ynskjer Arctic Center å bygge ein alpinlandsby med opptil 343 hytter og fritidsbustadar.

Alpinlandsbyen vil beslagleggja eit areal på rundt 0,5 kvadratkilometer, der det i dag er stort sett sårbar natur og ein større del er karbonrike myrområde. Planforslaget for utbygginga skal opp til behandling i kommunestyret 29. april og Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) vil her forklare kvifor vi vil stemme imot utbygginga av Finnheia alpinlandsby.


Wilhelmsen-brødrenes Arctic Center splitter posisjonen

Et prosjekt hvor ordfører Gunnar Wilhelmsen har eierinteresser, splitter Ap og Sp på den ene siden og SV og MDG på den andre siden.


Dei siste åra har det komme mange rapporter om kor dyster situasjonen er for naturen og klimaet. Naturpanelet til FN sin tilstandsrapport for naturen (lansert mai 2019) viser at 1 av 8 arter på jorda er trua av utrydding og at 75 % av landområda er vesentleg endra. Forskinga viser at endringar i arealbruk er den faktoren som har størst påverknad på denne negative utviklinga for naturen.

Ein ny rapport (mars 2020) frå Norsk institutt for naturforsking (NINA) beskriver i tillegg at våtmarker er det økosystemet i Norge som har høgast tettleik av karbonlagring. Denne kunnskapen var ikkje like klar og tydeleg for på 80- og 90-tallet då planane for Arctic Center vart lansert og utvikla. I ei tid der vi har erklært klimakrise, er vi nøydde til å ta innover oss ny kunnskap for å ta vare på naturen og gjere det vi kan for å avgrense klimaendringane.

I saksdokumenta til planforslaget for utbygginga, står det under tittelen naturmangfald: «Det konkluderes med at konsekvensene av tiltakene i planforslaget blir på grensen mellom svært stor negativ konsekvens og kritisk negativ konsekvens» og at «De store negative konsekvensene i dette prosjektet kommer av at en planlegger å bygge ut myrområder på kalkgrunn og boreal hei. Dette er rødlistede naturtyper.»

MDG kan ikkje stemme for ei slik utbygging som har så stor negativ innverknad på naturmangfaldet. Vi meiner at vi må ta lokalt ansvar for å bevare mest mogleg natur og naturmangfald, og oppfylle Tromsø kommune sine målsetjingar om å bevare og vidareutvikle grøne lunger rundt byen. Vi vil bevare Finnheia som eit lett tilgjengeleg friluftsområde for heile byens befolkning og meiner at vi ikkje kan ofre naturen for å tilskaffe overnattingsplassar og kapital til eit skianlegg.

Med utbygginga av vindkraftanlegget på Kvitfjell/Raudfjell er reindriftsnæringa på Kvaløya under eit stort press og utbygginga av alpinlandsbyen vil redusere sentrale og viktige areal for reindriftsnæringa.


Kronikk

Si nei til hytteby på Finnheia!

Koronapandemien har lært oss at det er viktig å holde avstand, og at vi trenger friområder å boltre oss i. Derfor bør de som bestemmer si nei til utbygging av hytteby på Finnheia i Håkøybotn.


I saksdokumenta blir konsekvensen av utbygging av alpinlandsbyen for reindrifta vurdert som kritisk negativ samanlikna med dagens situasjon. MDG ynskjer at Tromsø kommune skal ta vare på, og ikkje øydeleggje grunnlaget til reindriftsnæringa.

Vidare er det i planforslaget stipulert eit klimagassutslepp tilsvarande 35 000 tonn CO2-ekvivalenter, kun frå områda som er klassifisert som myr, ved å endre arealbruken på Finnheia. Talet tilsvarer nesten 15 % av klimagassutsleppet i heile Tromsø kommune i 2017, og vil sannsynleg vere høgare om ein tar med alle utslepp i heile utbyggingsprosessen, samt områder ikkje klassifisert som myr.

I saksframlegget blir det til og med konkludert med at dette harmonerer dårlig med det som er vedtatt i Tromsø kommunes klima-, miljø- og energiplan (KME) for 2018-2025, der målet er 85 % reduksjon i klimagassutslepp innan 2030. Ei utbygging av alpinlandsbyen på Finnheia vil gjere det enda vanskelegare å nå dette målet. MDG meiner difor at vi ikkje har råd til ei slik utbygging med tanke på klimarekneskapet.

Ein ynskjer altså å utvikle ein kommersiell fritidsaktivitet som i stor grad er avhengig av snø og kaldt klima ved å bygge hytter og dermed bygge ned natur, som igjen vil gje store klimagassutslepp og dermed auke risikoen for å eit varmare klima. MDG kjøper ikkje denne argumentasjonen.


Sametinget klar for mekling om Arctic Center: - Vi leverer ikke ubegrunnede innsigelser

Sametinget mener Arctic Center har gjort dårlig grunnarbeid, når de vil lage hyttelandsby og alpinanlegg i områder med reindrift og samiske kulturminner.


Håkøybotn og området rundt Finnheia blir brukt av mange til rekreasjon. Særleg i helgene vinterstid er skiløypene populære og blir brukt av både familiar, unge og gamle. Dette er eit lågterskeltilbod, utan inngangsbillett (bortsett frå parkeringsavgift), som gir rike naturopplevingar. Den enkle tilkomsten og enkle tilrettelegginga gjer at Tromsø sin befolkning raskt kan komme seg ut i naturen.

Denne naturen vil sjølvsagt få eit sterkt endra preg ved utbygging av alpinlandsbyen og opplevinga vil bli langt i frå den same når ein må sjå på eit uttal hytter og tilhøyrande vegar. Der ein i dag til dømes kan gå kveldsturar under lyset av nordlyset på vinteren, vil ein i framtida kunne bli blenda av belysning frå hyttefeltet. Tromsø vil utvilsamt bli eit friluftsområde fattigare.

Så til tross for at denne saka har gått fram og tilbake i fleire tiår, kan vi ikkje lukke augo for ny kunnskap som har komme fram i samfunnsdebatten dei siste ti åra og den krystallklare beskjeden frå tusenvis av vitskapsfolk: vi må bevare naturen, ikkje bygge ned naturen.