Omtrent 3900 menneske i Tromsø bur slik til at dei kan bli utsett for helsefarlege mengdar svevestøv – støv som i all hovudsak kjem frå piggdekk som slår mot asfalten. Vi kan ikkje ha det slik at mange i Tromsø blir sjuke av lufta dei pustar. I alle fall ikkje når vi faktisk kan gjere noko med det.

Dei viktigaste tiltaka vi no skal innføre er ikkje piggdekkavgifta. Dei viktigaste tiltaka er hyppigare og betre reingjering av gatene og vegane våre. Betre vintervedlikehald slik at det ikkje blir store støvdeponi når snøen smeltar. Betre ventilasjon i tunellane slik at vi får støvet vekk. Salte med ein type salt som bind støvet slik at det ikkje svever av garde.

For å få dette til må vi investere i fleire kostebilar, superstøvsugar med meir. Betre vintervedlikehald blir betre for alle. Og vi må tilsette fleire folk på bydrift. Til saman kjem dette til å gjere byen betre for alle, men aller mest for dei som blir plaga av svevestøvet i dag.

Det alle desse tiltaka har til felles er at dei kostar pengar. 36 millionar i første omgang fordi vi må kjøpe ein del nytt utstyr, etterkvart ca 24 millionar i året. Det må til for å få ned mengda helseskadeleg støv.

Og, det er ingen plassar å finne desse pengane i kommunekassa om vi ikkje tar dei frå skolane, frå barnehagane eller frå helse og omsorg.

Dette er verkelegheita. Vi treng ikkje like det, men slik er det.

I tilegg så veit vi at piggdekkavgift vil føre til at fleire vel piggfrie dekk. Dersom ikkje fleire vel å køyre med piggfrie dekk så vil sannsynlegvis dei tiltaka vi må sette i verk bli enno dyrare.

Så, det er ikkje for å vere slemme vi vel å innføre piggdekkavgift. Det er ikkje fordi vi liker å plage folk med avgifter. Det er ikkje for at det skal bli vanskelegare å komme seg opp og ned bakkane i Tromsø vi innfører piggdekkavgift.

Det er for å sikre helsa til familiane som bur i område med store mengder støv. Det er for å hindre at dei 980 kiloa med støv som blir sliten vekk frå Stakkevollvegen kvar dag i piggdekksesongen skal hamne i lungene til barn i Tromsø.

Det er valet. Ei avgift som du kan unngå ved å køyre piggfritt. Eller ei luft som er skadeleg for mange av innbyggarane i Tromsø.

Eg veit kva eg vel – kva vel du?