Norske styremakter innvilga i 2008 konsesjon for å byggje eit vindkraftverk i det viktigaste gyteområdet for silda. Norsk vårgytande (NVG) sild er ein av verdens største fiskeressursar. Det Norge skal leve av etter oljen er truga, og det kan vi ikkje tillate oss.

Vindkraftverket Havsul I på Møre-kysten fekk frist til 2013 for å setje i gang, men fekk utsettfristen til 2020. Ein ny søknad om utsett frist vart igjen innvilga av NVE i slutten av mars iår, med klagefrist 27. april.

  • Vedtaket om tildeling er 12 år gamalt, og bygger sjølvsagt på utdatert kunnskap.

«Det vi ikkje veit har vi ikkje vondt av», heiter det i ordtaket. I forvaltning av natur kan nettopp det vi ikkje veit, gjere mest skade. Og det er vår plikt å finne flest moglege oppdaterte svar, og er vi usikre, skal «føre-var prinsippet» hentast fram frå innerlomma. Det er visst ikkje tema når det gjeld saka om Havsul I.

Vi som har fiska, har levt etter føre-var prinsippet lenge, tvilen skal kome fisken til gode, og vi har blitt regulerte eller stoppa, og det har vore rett. Rett nok har fiskarane også gjort dumme ting, men etter kvart som vi fekk ny kunnskap måtte vi endre tilnærminga til det vi gjorde.

VINDKRAFT: Knut Arne Høyvik går ut mot vindkraftindustrien. Foto: Privat
  • Politikarane har i mang ein festtale hylla seg sjølve for god fiskeri-forvaltning og førevar prinsippet, den beste forvaltninga i verda, blir det sagt.

Men når sterke utanlandske pengeinteresser bankar på døra til norske styremakter, mjuknar politikarane, og føre-var prinsippet blir ein brå og sikker død.

Lovnader om arbeidsplassar, klimavenleg energi og litt eigedomsskatt, er godsakene som blir presenterte på glanspapir, av godt dresserte lobbyistar.

Den raude løparen blir straks rulla ut og gullungane blir vist veg inn i både den blå og den grøne åkeren. Løgna om at vi treng den elektriske krafta, finn fotfeste i opinionen, saman med ein påstand om at det er dette som skal berge klimaet. Er det verkeleg dette som er den nye vinen, at vi skal øydelegge miljøet for å berge klimaet? Det høyrest ikkje særleg berekraftig ut, spør nokon meg?

  • Biologisk barnelærdom for folk langs kysten.

Fiskarane har kjempa lenge for å få styresmakter og oljeselskap til å innrømme at seismiskskyting påverka livet i havet. Vi har heile tida visst at vi hadde rett, vi såg det i praksis. Men vi fekk aldri rett, fordi gullungane alltid sparkar gaukungane ut av reiret.

Men for oss som har vokse opp på havet, og ved kysten, er dette faktisk biologisk barnelærdom.

Mange hugsar nok når dei som gutungar kasta småstein ned i stimen med små mort frå kaia. Den stakk sjølvsagt av fort, fordi lyden går fire gangar så fort i sjøen som i lufta. Denne grunnkunnskapen har dei ikkje i urbane høgblokker, rundt kafe’borda i hovudstaden, eller istore deler av det politiske miljø.

  • Det er med fisk som med alle andre levande individ, livets start er den mest kritiske.

Mørekysten er ved sidan av Lofoten, eit av dei viktigaste gytefelta på kysten av Norge, og det er silda som dominerer, ein av verdas største fiskebestandar.

Når egg og larvar ser havets lys for fyrste gong, er dei som andre nyfødde, svært sårbare. Dei bittesmå individa, har svært dårleg odds, når den varme Golfstraumen tek dei med seg, og førar dei i nordaustleg retning langs kysten nordover til Barentshavet.

Svært få overlever, men oftast mange nok til at det kan bli ei god årsklasse med vaksen fisk.

Dette er prosessar som balanserer hårfint, mellom suksess og fiasko. Så hårfint at om ein gjer inngrep i havet som forstyrrar eller øydelegg desse prosessane kan det få alvorlege konsekvensar for fiskebestandane.

  • Havsul I vil dei plassere midt i navlestrengen inn i økosystemet.

Vi veit veldig lite om korleis lyd og vibrasjonar påverkar gytevandring og gyteprosess, hellerikkje verknader på dei små stakkarane som er i drift langs land.

Eg har skrive mange spaltemeter om dei sårbare gytefelta. Av og til blir ein kalla bakstrevar eller ein som ikkje forstår den nye tid.

Det har eg stått oppreist i, for det mest framtidsretta vi kan gjere er å ta vare på dei verdiane vi fekk til låns, då dei fyrste menneska slo seg ned her på kysten.

Enorme verdiar som har skaffa sysselsetting, skatteinntekter og mat på bordet i generasjonar. Det kan hende at isen er trygg, men er vi i tvil, går vi ikkje over. Vi kan laste opp rapportar, grafar og tørre tal til vi svimar av.

Til sjuande sist handlar det om å bruke det sunne vitet, og min kunnskap om havet er ikkje akademisk, den er praktisk.

  • Eg finn ikkje eit einaste godt argument for at vi skal setje gigantiske vindturbinar midt i fødestova.

Alle politiske parti er einige om at den fornybare fisken er noko av det vi skal leve av etter oljen.

Om politikarane godtek dette vindkraftverket, reiser dei mange roterande monument over sin eigen inkompetanse. Og føre-var prinsippet er bokstaveleg tala tatt av vinden.