I kjølvatnet av at kunnskapsminister Guri Melby (V) varsla eit nytt forsøk frå regjeringa på å overstyre fylka i korleis inntaket til vidaregåande opplæring skal skje, har fleire vore ute i avisspaltene for å forsvare regjeringa sitt forslag. I debatten har fyndorda «fritt» eller «friare» skoleval vore mykje brukt av tilhengarane av forslaget. Problemeter at ordninga som blir lagt opp til ikkje er så fri som ein skal ha det til, så omgrepet «fritt skoleval» er ei retorisk tilsniking.

På same måte som «nærpolitireforma» betyr å legge ned lensmannskontor, og «demokratireforma» som regionreforma også vart kalla, betyr å tvangssamanslå det regionale folkevalde nivået i Troms og Finnmark.

Bjarne Rohde (SV) Foto: Tom Benjaminsen

Det såkalla frie skolevalet betyr at alle kan søkje på kva som helst slags skole og tilbod, og men det er berre dei med dei beste karakterane som vil få plass. Det er altså ein konkurranse om plassane på dei mest populære tilboda. Det betyr at dei som bur i nærleiken av ei populær skole, risikerer å ikkje kunne konkurrere seg inn på det som eigentleg er nærskolen, men må ta til takke med noko anna. Undersøkingar av valfridomen til elevane i Oslo har vist at det er mindre enn 20% som reelt har karakterar frå ungdomsskolen til å velje heilt fritt.

Elevar som gjennom karakterbasert opptak blir tvungen til å gå på ein skole ein annan plass enn der dei bur, vil ha svakare grunnlag for å gjennomføre vidaregåande opplæring, og ufrivillige bortebuarar er noko vi ikkje ønsker fleire av. Noko anna er det med elevar som søker seg til eit opplæringstilbod som det ikkje er rom for å ha mange plassar – som musikk, dans og drama, eller idrettsfag – eller elevar frå kommunar der ein uansett må flytte på hybel.

Det er noko heilt anna å flytte på hybel når ein er budd på å gjere det, enn når det blir pålagt fordi ein ikkje får plass på nærskolen.

Tilboda i Troms og Finnmark må basere seg på eit lågt elevtal – og for å ha eit breitt nok tilbod er fleire av tilboda på distriktsskolane ganske nært marginane for kva som går an å få til. Da vil eit reint karakterbasert opptak også kunne føre til at det blir for få elevar på enkelte tilbod i distrikta – som til slutt gjer det vanskeleg å oppretthalde tilboda både av faglege og økonomiske grunnar. Om eit tilbod med åtte elevar mister tre av dei, vil det jo også gjere det vanskelegare for dei fem andre om tilbodet forsvinn.

Eg ser at Jo Inge Hesjevik frå Høgre prøver å ta innspela frå tillitsvalde og rektorar i Finnmark til inntekt for at dei i Finnmark tørstar etter «fritt» skoleval. Det er nok ei tilsniking. Lat meg klargjere:

I fylkesrådet foreslo eg å dele Finnmark inn i tre skoleregionar for å ivareta eit nærskoleprinsipp. Troms er frå før delt inn i fire skoleregionar. Etter tilbakemelding frå mellom anna tillitsvalde, valde fylkesrådet å bruke litt meir tid på å greie ut korleis nærskoleprinsippet skal henge saman med kva slags tilbod som skal finnast på kvar skole, før vi gjer eit endeleg vedtak. Bekymringane som mellom anna kom frå skoleleiingane i Finnmark gjekk først og fremst ut på at ei inndeling kunne føre til at fleire ville kunne søke seg til skolar i Troms – altså ein større fridom enn elevane har i dag, ikkje at nokon ønska seg eit fritt skoleval i heile Troms og Finnmark.

For Ap, Sp og SV i fylkesrådet i Troms og Finnmark, er det nærskoleprinsippet som skal vera førande for vår skolepolitikk. Det betyr at alle elevane skal ha ein rett til å gå på ein skole i nærleiken av der dei bur. Det er ein rett som alle elevane vil ha, og ikkje basert på konkurranse der berre dei med best føresetnadar har sjanse til å nå opp. Regjeringa legg opp til å tvinge elevane til å konkurrere om skoleplassane – og dei vil tvinge folkevalde i fylka til å gjennomføre den politikken fylkeskommunane ikkje vil ha.

Vi vil ha ei vidaregåande opplæring der alle elevar har rett til å gå på nærskolen sin, ikkje eit tvungent karakterbasert opptak der berre dei med dei beste karakterane får velje fritt. Vi vil ha eit system som legg til rette for dei mange, ikkje berre for dei få.