Det siste tiåret har transportsektoren vore prega av ein enorm teknologioptimisme, der teknologi som sjølvkøyrande køyretøy blir påstått å kunne løyse dagens transportproblem. Korleis påverkar dette fokuset på løysingar måten ein utøver transportpolitikk?

I april 2019 vart Erna Solberg intervjua av iTromsø. Journalist Martin Lægland opna intervjuet med å spørje «Kor blir det av toget vårres?». Solberg meldte raskt at det ikkje er naudsynt å byggje ut Nord-Norgebanen. I følgje ho er me nemleg «på veg inn i en digitalisert revolusjon, kor me får autonome buss-system, bilar, system som kjem til å henge saman. Kor transporten av fisk, til dømes, (…) kjem til å gå i tett samanvovne trailerar som er autonome, som køyrer basert på system kor det ikkje ei gong er ein førar». For å underbyggje påstanden sin viste Solberg seinare til Statens vegvesen sitt Borealis-prosjekt, der delar av E8 gjennom Skibotndalen har blitt ei teststrekning for ny teknologi.

I Borealis har Statens vegvesen med partnarar utstyrt E8 med ei rekke sensorar og radiosendarar i og langs vegbanen. Desse skal gjere det mogleg for veginfrastruktur å utveksle informasjon med både køyretøy og andre infrastrukturar, og ideelt sett bidra til å gjere vegen tryggare, meir effektiv og meir føreseieleg.

På prosjektet sin opningsdag demonstrerte dei likevel noko heilt anna: ei digital samankopling av akselerasjonen til fleire vogntog, såkalla platooning. Kvifor valde Statens vegvesen å demonstrere automatisering av vogntog, når Borealis gjekk ut på å teste digital infrastruktur?

I forskingsartikkelen min Changing Oil: Self-driving vehicles and the Norwegian state forklara ein tilsett i Vegvesenet det slik: «Me er fullt klar over at me er nøydde til å ha med oss nokon som teiknar dei her litt store bileta om sjølvkøyring og platooning», då det appellerer til «politikarane som treng noko stort og fint» å peike på.

Slik får det som er eit relativt nøkternt teknologiprosjekt også ein tydeleg politisk dimensjon, ved at Borealis kan brukast til å spenne opp framtidsvisjonar der ny teknologi mogleggjer heilt nye måtar å organisere både transport og samfunn.

Kanskje fins automatiserte køyretøy på vegen om 20–25 år, slik Solberg skisserer opp. Å satse på dette er likevel å satse på ei høgst usikker utvikling, framfor å gjennomføre ei utbygging som kunne ha starta i morgon. Problemet med slike visjonar som Solberg spenner opp er at teknologiutvikling blir teke for gjeve: så lenge ein har greidd å drøyme opp ein teknologi så kan (og vil) den også bli verkeleggjort.

På denne måten blir framtidig teknologiutvikling og innovasjon eit argument for å ikkje byggje ut Nord-Norgebanen, sjølv om dette er å satse på ei høgst usikker utvikling der ein risikerer å sitje att med korkje jarnbane eller automatiserte køyretøy. Alternativt brukar Solberg Borealis som ein avleiingsmanøver: samanlikna med ein dyr, gammaldags og lite fleksibel jarnbane verkar førarlause køyretøy som eit framtidsretta og fleksibelt motsvar.

Med ryggdekning i Borealis kan Solberg peike mot noko stort og fint der framme, samstundes som ho korkje treng adressere transportpolitiske spørsmål kring Nord-Norgebanen eller snakke om kva som faktisk blir testa i prosjekt som Borealis.

Måten Solberg mobiliserte ein (per i dag) ikkje-eksisterande teknologi som motsvar til Nord-Norgebanen er symptomatisk for mykje av dagens politikk, der teknologi blir ei erstatning for å føre aktiv politikk. Dette er ein logikk ein kan kjenne att frå fleire samfunnsområde: dagens problem kan løysast ved hjelp av morgondagens teknologi, heller enn å adresserast gjennom eksisterande teknologi med dei prioriteringane og kostnadane dette medfører.

Gjennom ei ukueleg tru på innovasjon og teknologiutvikling blir det mogleg å utsetje politiske avgjersler på ubestemt tid, fordi det alltid fins ei betre, meir fleksibel og meir kostnadseffektiv løysing der framme. Så får det heller vere at denne løysinga kanskje aldri blir realisert.