Mens eg skriv det her viser no statistikken at over 10.000 palestinarar har døydd, kor 4000 av dei er barn. Tala blir endå meir dystre for kvart minutt, kvar time, kvar dag som går. Tida for å påverke er for lengst inne, vi kan ikkje stå og sjå på. Nøytralitet er ikkje eit val.

På alle Palestina-demonstrasjonane i Tromsø høyrer eg hjarteskjerande historier frå organisasjonar, frå politikarar og frå palestinarar sjølv, som har gode venar, familie eller barn som no bur i eit krigsherja område som nemnast som eit bokstaveleg talt fengsel for innbyggjarane.

Folk drikk saltvatn for å halde seg hydrert! Amnesty talar om apartheid, at Israel systematisk behandlar palestinarar som eit annanrangs menneskeslag. Det inneber blant anna omfattande beslag av eigedom, drap på uskyldige menneske og drastiske begrensningar på palestinarane sin fridom til å bevege seg. Det her er ikkje noko som plutseleg byrja den sjuande oktober, det her har pågått i årevis!

ENGASJERT: Innleggsforfatter Henrik Elman, student ved UiT, ber tromsøværinger engasjere seg. Foto: Privat

Kva kan styresmaktene og dei som representerer oss gjere? Det finst fleire ting, blant anna å anerkjenne Palestina som eigen stat. Neste tirsdag 14. november skal Stortinget røyste over eit forslag om å gjere nettopp det. På diplomatisk hald kan ein gjere som fleire nasjonar no har gjort, nemleg å utvise den israelske ambassadøren og kalle tilbake norske diplomatar frå Israel. No må ein vise handlekraft og leggje tyngde bak orda som nyttast.

Kva kan vi som vanlege borgarar gjere? Vi kan presse styresmaktene om å gjere nettopp desse tinga gjennom vår rett til å protestere. Det kjem eg og ganske mange andre å gjere i Tromsø kvar laurdag klokka tolv til våpenkvila er formelt vedtatt. Ein «humanitær pause», eit omgrep eg sjølv aldri hadde høyrt før denne konflikten blussa opp igjen, og som eg strever med å finne ein definisjon på, er berre hul retorikk. Andre ting ein kan gjere er å boikotte varar produsert i Israel, og unngå å kjøpe frå produsentar som støttar okkupasjonen.

Utvis Israels ambassadør! Krev våpenkvile no! Og til du som les det her, hev røysta di, gå på protest og krev stopp på folkemordet.