Det blåser ein vind over landet, og han er ikkje særleg positiv for dei som er positiv til videodømming. Tre av dei største publikumslaga i Eliteserien, Rosenborg, Lillestrøm og Brann, har med store fleirtal på sine årsmøte røysta mot videreføring av videoassistert dømming her til lands. Eg ønskjer at Tromsø Idrettslag sitt årsmøte gjer det same, og røyster nei til VAR.

Ein av berebjelkane i min og mange sin VAR-motstand handlar om augneblinken av å feire eit mål. Når ballen ramlar innanfor stengene og inn i nettet, skal ein kort sjå på linedommaren før ein jublar spontant. Det er heile premissen for fotballen, fordi det er så få mål samanlikna med andre sportar. Det handlar ikkje om at vi har for få kamera eller kor fort avgjerdene vert tekne. Det handlar om at ein skal vere til stede i augneblinken. Med VAR tek ein vekk denne tryggleiken frå oss som både sit og står på tribunen.

At VAR gjer fotball meir rettvis, som er sjølve eksistensen til at VAR finst, kan ein verken bevise eller motbevise, for det kokar ned til subjektive avgjerder. Sjølv etter å ha sett avgjerda på reprise gong på gong, er dommarane usamde. Nokre ser svart, andre ser kvitt, nokre ser grått. Ergo er det ikkje mogleg å bevise at VAR gjer fotballen meir rettferdig.

Etter TIL-styret si innstilling om VAR kom onsdag 6. mars, har det blitt harselert med rette med påstandar om at «små og mellomstore klubbar har tent på VAR» og «hadde det ikkje vore for VAR, hadde ikkje Tromsø hamna på tredjeplass». Desse påstandane har ikkje noko faktagrunnlag bak seg og er i høgste grad spekulative. Eg hadde håpa på ei meir konstruktiv innstilling frå styret vårt.

Eg håpar så mange som mogleg kjem på årsmøtet vårt komande onsdag, uavhengig av standpunkt. Det er demokrati i praksis å møte opp på årsmøta til fotballklubben vår, og vi vil alle det beste for TIL uavhengig av kva syn ein har både på saker som VAR og stadionnamnet.