Tenk viss nokon kunne organisera eit større møte som samla alle som er opptekne av korleis Tromsø sentrum skal utviklast til det beste for innbyggjarane i byen!

Me snakkar om den viktigaste allmenningen for alle som bur i byen, og eit slikt møte måtte engasjera den jamne innbyggjar ut over dei som bur i sentrum, men sjølvsagt også huseigarar, politikarar, tomteeigarar, utbyggjarar, reiselivsaktørar, byplanleggjarar, arkitektar, landskapsarkitektar og så bortetter. Ja, alle som brenn for å gjera byromma vakre, attraktive og inkluderande! Og sentrum som heilskap likeså.

Og det kunne godt vera eit av byens eigedomsselskap som stod for dette. Det kunne for eksempel vera ein dagskonferanse. Og då kunne ein gjerne invitera inn ein stjernearktitekt med visjonære tankar – om så frå utlandet – men helst ein med ei djup forståing for dei forholda me lever under her på 69 grader nord.

Riksantikvaren kunne ein også be om å komma og seia noko, for Tromsø sentrum har mange viktige kulturminne og er mellom anna den nordlegaste trehusbyen i landet som ikkje blei bomba eller brent under krigen. Og så burde ein sjølvsagt ha henta inn stemmer frå dei botnsolide fagmiljøa innanfor landskapsarkitektur, samfunnsplanlegging og kulturforståing ved UiT.

Men ein måtte for all del ikkje leggja ein slik dagskonferanse til ein dag det er møte i kommunestyret! For kommunepolitikarane – dei som til sjuande og sist bestemmer korleis byen skal utviklast – måtte jo ha høve til å delta. Og så måtte det ikkje kosta skjorta å vera med, for vanlege folks stemmer måtte jo òg få høyrast.

Tenk viss hamnevesenet i Tromsø først og fremst hadde vore oppteke av å drifta hamnene og kaiane i byen! Ein kunne ønskja at det kommunalt heileigde Tromsø Havn KF, som er forplikta til å bruka inntektene sine på hamnerelatert verksemd, var meir oppteken av å gjera sjøfronten tilgjengeleg og attraktiv for innbyggjarane i byen framfor å tilby desse allmenningane til eigedomsutviklarar og jordbærseljarar sørfrå som mest av alt vil tena pengar.

Det er jo ikkje slik at det Tromsø Havn KF tener på å leiga ut eller selja eigedom, går inn i kommunekassa og kan brukast på skular og sjukeheimar og andre ting. Men å gjera parkeringsplassar om til skulpturparkar eller noko anna vakkert som møter både turistar og tromsøværingar, burde det vera rom for. Trass alt er det jo innbyggjarane sjølve som eig hamnevesenet gjennom kommunen.

Tenk viss nokon med autoritet og tyngde kunne stå opp og seia at det trengst ein timeout i utviklinga av Tromsø sentrum! Og at kommunen så følgde opp med å erklæra eit «byutviklingens år»! Og at ein gjennom det året arrangerte ikkje berre eitt, men mange møte og verkstader og anna som var inkluderande og fekk ein masse folk i byen engasjerte og involverte. Og at beslutningstakarane med det fekk eit godt grunnlag – ut over ønskja til eigedomsutviklarar og kapitalistar og korrektiva frå lovverket – til å leggja langsiktige og solide planar som kunne stå seg i 20-30 år framover og gi tydelege retningar. Det hadde vel vore noko?

For den kommunale hugsen er vel god om noko blir skrive ned? Det er vel ikkje slik at ein startar på nytt med tenkinga kvart fjerde år når det blir valt eit nytt kommunestyre?

Det er no slike draumar ein går og ber på. At dei mange hjarta for byrom i Tromsø skal opna seg. At ein våg av gode byutviklingstankar skal glida inn over dei som skal ta avgjerdene om Tromsø sentrum. Då kan vedunderlege ting skje. Det må helst skje.