Om kvelden 11.juni 1913, altså for 110 år sia, endra Stortinget grunnlova: same stemmerett for kvinner som for menn. Men kvinnestemmeretten kom ikkje av seg sjølv.

I 1889 sette Kvindestemmeretsforeningen i gang den første underskriftsaksjonen til støtte for stemmerettskravet.

Kravet var stemmerett for dei kvinnene som fylte stemmerettsvilkåra i grunnlova.

Kvindestemmeretsforeningen var ikkje stor – 200 medlemmer i 1889, 300 i 1890 –, og slett ikkje landsomfattande. Men det vart samla underskrifter mange stader der det ikkje fanst lokale stemmerettsorganisasjonar, slik som i Tromsø.

Lærarinna Thora Halvorsen var ei av vel 150 kvinner i Tromsø som skreiv under. Nokre søk i folketeljingane viser at underskrivarane kom frå alle samfunnslag: Ein del frå «dei øvre lag», somme var gifte med fiskarar og arbeidsmenn, ugifte lærarinner, syersker og «handlende». Stemmerettskravet hadde brei støtte hos kvinner i Tromsø for meir enn 130 år sia.

Kven var det som samla underskriftene i Tromsø og andre stader i fylket? Kunne det vera Thora Halvorsen som skaffa underskriftslistene, sette dei i sirkulasjon og sende dei til Kristiania, slik at dei vart med blant dei 4.533 underskriftene som vart overleverte til Stortinget før debatten i 1890?

Dette skjedde om lag ti år før den aktive og engasjerte lærarinna gjekk i spissen for å stifta ei lokal stemmerettsforeining. Men dei spora som finst etter all hennar kvinnepolitiske og organisatoriske aktivitet, gjer det iallfall ikkje usannsynleg at Thora Halvorsen kan ha vore avgjerande for underskriftsinnsamlinga i 1889-90. Truleg abonnerte ho og fleire kvinner i Tromsø på det kvinnepolitiske tidsskriftet Nylænde, som Gina Krog redigerte. Der var underskriftsaksjonen omtalt, og foredrag som vart halde av sentrale stemmerettsaktivistar vart trykte i bladet.

MANGE ENGASJERTE SEG: Minst 150 kvinner i Tromsø skreiv under på kravet om stemmerett for kvinner i 1889-90.

Motstandarane av kvinnestemmerett i 1890, tykte det var for få underskrifter til at det var noko å bry seg om. Men ser ein nærare på korleis underskriftene fordeler seg geografisk (dei finst digitaliserte på www.stortinget.no), ser ein at der det vart samla underskrifter, var det gjerne mange på ein stad. Det må ha vore eldsjeler som anten samrådde seg med andre eldsjeler eller berre sette i gang på eiga hand, og tok initiativ utan at nokon organisasjon instruerte dei.

Thora Halvorsen stifta både Tromsø sanitetsforening (1896) og lokalavdeling av Landskvindestemmeretsforeningen (1900), og var leiar for begge lokalorganisasjonane.

I 1901 hadde kvinner for første gong avgrensa stemmerett ved kommuneval. Thora Halvorsen var ei av dei kvinnene som vart nominerte og kumulerte øvst på «uafhængige Venstre» si liste. At motstanden mot kvinner i bystyret var stor også i dette partiet, ser ein av valresultatet: Ingen kvinner vart valde.

Men ved neste høve, kommunevalet i 1904, auka aktiviteten i den lokale stemmerettsforeininga, fleire kvinner vart nominerte på venstre og høgre sine vallister. Thora Halvorsen var den som kom inn, og vart den første kvinna i Tromsø bystyre.

I 1907 vart Thora Halvorsen og Petra Høegh valde – på eiga kvinneliste.

Thora Halvorsen var også ei aktiv fagforeiningskvinne. I 1911 representerte ho Tromsø på landsmøtet i Norges Lærerforening. Da landsmøtet vedtok ei alvorleg svekking av kvinnerepresentasjonen i styret, marsjerte ho ut i lag med Anna Sethne, Anna Rogstad og fleire. Heime i Tromsø tok ho initiativ til, og vart leiar for, Tromsø lærerindeforening.

Meir enn 40 års trufast innsats som lærar er ho ikkje åleine om, men mykje rosande omtale av det ho gjorde som lærar, talar heller ikkje imot at Thora Halvorsen fortener å bli gjort kjend for seinare generasjonar.

Men kva har Tromsø gjort for å heidra denne føregangskvinna? Ei kvinne med ei slik organisatorisk og kvinnepolitisk merittliste må vel ha gjort seg fortent til eit gatenamn, eller ei anna form for synleg påminning om kven ho var og kva ho gjorde? Kanskje trengst det eit større og tydelegare minnesmerke? Tromsø er som andre norske byar og tettstader ikkje overfylt av minnesmerke over kvinner som har ein viktig plass i lokalhistoria.