Han var fødd i Bergen og under oppveksten budde han bl.a. i Tromsdalen, Stange, Senja og Målselv. Under opphaldet i Målselv fekk han eit godt vennskap med Tor Nymo (seinare stortingsmann) og familien hans. Sjølv hadde eg den gleda å rettleie Dag under arbeidet hans med hovudoppgåva i nordisk språk ved Universitetet i Tromsø.

Avhandlinga, som han leverte hausten 2005, hadde denne tittelen: «Ei samanlikning av kvinnenamn i Lofoten (Buksnes) med Indre Troms (Målselv og Bardu) på 1800-talet.» Dette var ei framifrå avhandling, og her kunne han påvise interessante namneforskjellar mellom Indre Troms og Lofoten.

Etter cand.philol.-eksamen med fagkretsen nordisk hovudfag, historie mellomfag og geografi grunnfag vart han tilsett som universitetslektor på Institutt for teknologi og sikkerhet, UiT. Her underviste han særleg i praktisk norsk. I 2010 gifta han seg med Ellen Fredeng, og om somrane var dei ofte i Karasjok, bygda der ho voks opp. I fritida si i Tromsø engasjerte Dag seg i idrett – særleg volleyball, og han var styreleiar i Ballklubb Tromsø (BKT) 2008 – 2010.

Sommaren 2009 hendte det noko som førte til ei drastisk endring av livet hans. Dag var da på Universitetssjukehuset i Nord-Noreg (UNN) for å sjekke gallestein. Legen antyda at det kanskje kunne vera kreft, og da han endeleg kom til urolog på UNN, vart det konstatert prostatakreft.

På grunn av rot med ventelistene vart ikkje Dag innkalla til UNN før det hadde gått eit heilt år. Det var til saman 450 pasientar som ikkje hadde vorti innkalla til riktig tid på UNN. I Dags tilfelle viste det seg at kreften hadde spreidd seg til lymfekjertlane. Fordi kreften hadde kommi så langt, insisterte Dag på å bli undersøkt ved Radiumhospitalet i Oslo.

Da han var innlagt der, lagde NRK ein reportasje om Dag og kreftsaka hans, og dette innslaget kom som det fyrste på Kveldsnytt den dagen. Dag valde å klaga til UNN og meldte denne institusjonen til politiet. Med sin stå-på-vilje gjekk han mange rundar med forskjellige institusjonar, bl.a. Helse Nord, Statens helsetilsyn, Norsk pasientskadeerstatning og Pasientskadenemnda. Det gjekk så langt at Dag – etter råd frå advokaten – reiste sak mot Staten.

Like før rettssaka skulle starte i 2015, valde Staten å trekke seg frå rettssaka fordi Pasientskadenemnda til slutt hadde vedgått at Rørbakk var påført varig skade. Den sakkunnige skreiv nemleg at Rørbakk fekk ein langt dårlegare prognose enn han elles ville ha fått om han hadde vorti undersøkt tidlegare på UNN.

Etter fem års kamp nådde han endeleg fram med erstatningskravet sitt. Han var ofte i media på denne tida, og da understrekte han at det viktigaste med kampen hans var at andre ikkje skulle rammast på same måten som han sjølv.

Eg hadde gleda av å ha kontakt med Dag gjennom mange år – sidan 1980-åra. Etter at han på grunn av sjukdommen måtte slutte som universitetslektor, møttest vi ofte til ein kaffetår på Jekta. Han fortalde da blant annet om forskjellige typar kreftbehandlingar han hadde fått. Trass i sjukdommen såg han mange lyse sider ved livet sitt, og det viktigaste var livet saman med Ellen. Nå går tankane til henne og dei andre som stod han nærmast.