Olje- og energidepartementet diskuterer enorme investeringar i Arktis: 1000 kilometer gassrøyr frå Melkøya. Det er ny interesse for område som er stengt for olje- og gassutvinning.

For produksjonen av norsk olje og gass minkar. Oljedirektoratet skriv i sin siste ressursrapport (2022) at fallet blir sterkt etter 2030. Utan nye fossilressursar vil produksjonen i 2040 vere ein tredel av dagens nivå; i 2050 kan han vere nær null.

Det internasjonale samfunnet krev at Noreg straks stoppar nye investeringar i olje og gass, og legg ein klar plan for å fase ut produksjonen. Verda må stanse fossile investeringar og subsidiar for å bremse katastrofane. Utsleppa frå olja og gassen Noreg eksporterer, er ti gongar større enn alle utsleppa innanlands. Ei styrt utfasing av produksjonen, som alt er fallande, kan berge kompetanse og jobbar før dei siste oljeselskapa trekker seg ut.

I dag, når alle snakkar om klima, men Noreg har ingen planar for utfasing, tvert om. Milliardane rullar i investeringar og subsidiar for å utsetje fallet. Equinor skriv på nettsida at lønnsam produksjon kan oppretthaldast fram mot 2030; så går sokkelen over i ein meir moden fase, og det er nødvendig med tiltak. På nettsidene til Equinor og Norsk petroleum kan vi lese at det blir sett inn teknologisk oppgradering med tilpassa trykkstøtte for å få meir olje og gass ut av reservoara; det blir effektivisert, nedbemanna og digitalisert.

Illustrasjonen viser hvilke områder som er åpnet for olje- og gassutvinning.

Ein rapport frå Oljedirektoratet, NVE, Petroleumstilsynet og Miljødirektoratet (Kraft fra land på norsk sokkel, 2020) slår fast at straum frå land erstattar gassturbinar på installasjonane, gir betre driftsregularitet, og meir kraft til gasskompresjon eller trykkstøtte. Derfor skal elektrifisering vurderast ved utbygging eller ombygging.

Gassen som før vart brent i turbinane, blir då «frigjort» til eksport, og brent i utlandet. Det er kjent, mellom anna frå den nemnte rapporten, Benedicte Solaas og Siv Dagny Aasvik i Offshore Norge publiserte ein artikkel i mai 2023 som hadde tittelen «Målet er ikkje elektrifisering, målet er utslippskutt», men som framheva at elektrifisering av sokkelen vil frigjere gass slik at Noreg kan auke eksporten med 2,5 prosent.

Selskapa får selje meir gass, dei slepp CO2-avgift, og den norske klimarekneskapen ser straks betre ut. Utsleppa går ut i den felles atmosfæren. Dei er fysiske realitetar. Dei blir ikkje mindre om dei blir flytta på. Elektrifiseringa av sokkelen er framstilt som den store nasjonale klimasatsinga. Noreg er landet som produserer klimaskadeleg fossilt brennstoff med rein vasskraft.

Snøhvitfeltet i Barentshavet er det tredje største gassfeltet på sokkelen, knytt til LNG-anlegget på Melkøya ved Hammerfest. Der blir gassen gjort flytande og skipa til kontinentet. Direktør Trond Bokn har forklart i ein kronikk på Equinors nettsider 12.04.2023 at klimakutt berre er ein del av målet med elektrifisering av Melkøya. Det handlar også om å sikre drift etter 2029, ved å sikre tilstrøyming av gass etter som trykket fell i reservoara. «Hvis ikke faller norsk gasseksport». Utan kompresjon kan Equinor ikkje garantere for drift av anlegget etter 2030.

Norske Samers Riksforbund og Naturvernforbundet i Finnmark oppgir i si høyringsfråsegn om elektrifisering av Melkøya, at utsleppa frå den eksporterte gassen frå Melkøya utgjer 13 millionar tonn CO2-ekvivalentar for kvart år produksjonen blir forlenga. Karbonfangst eller kraft frå havvind vil ikkje minke desse utsleppa. Utvinningstillatinga for Snøhvit går ut i 2035.

Ein grunn til at konflikten om Melkøya er blitt så skarp, er at Equinor har reservert mykje meir straum enn det fylket rår over. Statnetts Område Nord – nordre Nordland, Troms og Finnmark – er temmeleg lukka, med begrensa kapasitet for overføring inn og ut av området. Derfor har straumprisane vore lågare enn i Sør-Noreg. Straumen Equinor har reservert er ein lokal og regional ressurs, mest vasskraft og noko vindkraft.

Meir enn 30 søknadar om kraft frå lokalt næringsliv og nyetableringar fekk avslag frå Statnett i januar. Det vart proteststorm. Regjeringa vil etter alt å dømme bruke den kunstige kraftkrisa til å presse fram vindkraftutbygging i stor skala i Finnmark. Det finst heller ikkje kraftlinjer som kan føre fram straumen til anlegget på Melkøya. Som minimum må det byggast ei sterkt omstridd 420 kV-line frå Skaidi til Hammerfest, gjennom natur og reindriftsområde.

Ressursrapporten frå Oljedirektoratet insisterer på at det må leitast etter meir olje og gass. Dei fleste «uoppdaga ressursane» er i Arktis, og 59 prosent ligg i område som er stengt for olje- og gassutvinning, særleg i Barentshavet nord. Direktoratet seier ikkje direkte at Barentshavet nord må opnast, men gjentar at her er nye store funn mest sannsynleg.

Områda er stengt fordi dei er så artsrike, biologisk viktige og sårbare. Dei er pressa av klimaendringar. Dei er også viktige for fiskeria: for arbeidsplassar, nasjonale inntekter og mat.

I mars bad Olje- og Energidepartementet selskapet Gassco om ei ny vurdering av gasstransport frå Barentshavet sør. Gassco fann at ei gassrøyrledning for oppdaga og uoppdaga ressursar både vil lønne seg og styrke intensiv for leiteaktivitet. Olje- og energiminister Aasland fekk rapporten 18. april. Han forventar at selskapa i Barentshavet er sitt samfunnsansvar bevisst, og snur alle steinar for å finne meir gass i Barentshavet.

Det er framleis krigspris på gassen. Olje- og energidepartementet er uinteressert i klimaet. I potten ligg naturressursane og befolkninga i nord. Styrt utfasing av olje- gassproduksjonen og stans i elektrifiseringa er påkravd.