Takk, men den julegåva vil me gjerne bytta, Dons & co.!

Ved inngangen til jula kunne me i iTromsø lesa eit intervju med Eirik Espejord og Marcus Dons der dei fortel at eigedomsselskapet Pellerin AS no sender inn planane for «Pellerinbryggene» til kommunen «– et prosjekt de håper skal bli sett på som en “julegave” til hele byen.»

Julegåva det er snakk om, er å plassera tre tårn midt staur i Gamlebyen i eit av dei viktigaste gjenverande trehusmiljøa i Tromsø, rett ved tusenårsstaden Skansen og i umiddelbar bakkant av det som er att av ei bryggerekke som opphavleg omkransa heile indre hamn. Skansen er eit freda kulturminne, og det same er den gamle Tollboden der Polarmuseet held hus. Dei andre, større bryggene er verna, og det same er Skippergata 11 (som huser gastropuben Hildr) der me finn Tromsøs siste genuine byhage. I dette miljøet vil altså Pellerin byggja tre tårn på sju til ni etasjar, altså meir enn dobbelt så høgt som bygningane rundt.

Dette er ikkje ei julegåve, Dons & co.! Dette trehovda fallos-symbolet er eit varsel om ei arkitektonisk valdtekt av Tromsø by!

VISUELL BARRIERE: Utsikt frå Indre Havn mot bryggerekka og Skansen med omtrentleg skisse av Pellerin-tårna av Øystein A. Vangsnes. (Bildegrunnlag: AirtagAlex / Google Maps)

Eirik Espejord og Marcus Dons frå Pellerin kjem med påstandar om at planane ikkje er «utfordrende for sentrum. Vi kommer til å åpne opp området for folk, og vi kommer til å etablere smug og siktlinjer gjennom området som gjør at vi beholder kontakten mellom sjøen og resten av sentrum.»

Dette er berre tullprat. Tårna kjem til å stå der som ein visuell barriere mellom sjøen om området bak, og snarare enn å løfta fram bryggerekka og dei andre trehusa, vil dei ta luven av dei. Dessutan – og det er ikkje mindre viktig – kjem tårna til å kasta skugge inn over den vesle parken rundt Skansen og bygningane i området. Sola står for det meste skrått på himmelen på 69 grader nord, og særleg i mellomsesongane utgjer skilnaden på sol og skugge ein stor forskjell når ein vil kosa seg ute.

Det er sjølvsagt prisverdig at Pellerin no endeleg vil lukka eit ope sår og byggja hus på den gjørmete parkeringsplassen. Men planane strir heilt openbert mot det meste av vedtekne reguleringsplanar for området. Mellom anna står følgjande svart på kvitt i Områderegulering for Nordbyen: «Nye tiltak skal ikke medføre utilbørlig skjemming av det automatisk freda festningsanlegget Skansen. [...] Byggehøydene innen området skal også hensynta eksisterende gesims- og mønehøyder for bryggene, og utforming skal vektlegge et variert taklandskap.» Kan dei ikkje lesa i Pellerin AS?! Eller i LPO Arkitekter?

Foto: Illustrasjon: LPO arkitekter

Det er klart: Færre etasjar betyr mindre volum som betyr færre kvadratmeter og dermed mindre klingande mynt i Pellerin-kassa. Men kor grådig og profittjagande skal det vera lov å vera? Om Dons & co verkeleg vil gi byen ei gåve, bør dei komma tilbake med noko anna som løftar og tek vare på – ikkje knekken på – det eksisterande bygningsmiljøet og tusenårsstaden Skansen.

Nei, dette er ikkje noka julegåve me vil ha. Gi oss noko betre! Høgda må ned! Dons & co. har fått sitt fallos-symbol i hotellet The Edge på Prostneset. Dei treng ikkje fleire.