Det er fire grunnar at det for meg er utforståeleg at regjeringa no går inn for elektrifisering av Melkøya med straum frå land. Særleg når det etter pressekonferansen er tydeleg at regjeringa ikkje har ein tydeleg plan for produksjon av meir straum i Finnmark og Nord-Noreg.

Grunn 1. Vi har lagt bak oss ein sommar med hetebølge, flaumar og den varmaste månaden målt nokon sinne. Vêr er ikkje klima, men vi veit at med klimaendringane aukar risikoen for ekstremvêr av alle typar. Elektrifiseringa vil forlenge fossilperioden når det vi treng fokus på er korleis vi fasar ut avhengigheita våre av fossil energi.

Grunn 2: Stortinget har bede regjeringa vurdere karbonfangst- og lagring på Melkøya. Det har dei sikkert gjort, men at dei valde det vekk er uforståeleg. Ja, det ville blitt ei dyrare løysning, men det ville gjort det mogleg å drive vidare på Melkøya utan store klimautslepp eller enorme naturøydeleggingar som følgje av bygging av nye kraftlinjer. Det er og viktig at vi får i gang bygging av mange fleire karbonfangstanlegg. Desto fleire som blir bygd, jo meir kunnskap om det og billigare blir det. Equinor er eit selskap som har musklar til å bygge dette.

Grunn 3: Vi har ikkje ubegrensa mengdar straum. Når det går 400 megawatt til Melkøya blir det mykje mindre straum att til anna industri, og sannsynlegvis høgare prisar til oss som forbrukarar. Allereie i dagens situasjon er det titals bedrifter som har fått nei til sitt ønske om å kople seg til starumnettet i nord fordi vi manglar straum. Det er feil at fiskeindustrien i nord ikkje skal få utvikle seg, eller Tromsø kommune ikkje skal kunne utvikle Grøtsund hamn og industripark fordi vi skal oppretthalde gassproduksjonen i Barentshavet.

Grunn 4: Ja, vi treng å oppjustere straumnettet, men dei linjene som trengst for å få til elektrifiseringa av Melkøya vil føre til store naturøydeleggingar og komme i konflikt med reindrifta.