Sp og Ap gjer viktige tiltak for å rydde opp etter Solberg-regjeringa sitt drosjefrislepp. Frå november 2020 til april 2023 har talet drosjeløyver i Norge meir enn dobla seg. Men den samla omsetninga i bransjen har ikkje auka. Det har dermed blitt vanskelegare for mange sjåførar, spesielt i byane, å leve av yrket sitt.

Situasjonen har ført til at mange kundar melder om store prisforskjellar. Det har vore fleire tilfelle der kundar føler seg svindla av enkeltdrosjer, og felles for fleire av tilfella er aktørar som ikkje er knytt til ein drosjesentral, såkalla frikøyrarar. Slik prispressing kan gjerast med lova i hand, så lenge annan pris ikkje er avtalt.

– RYDDER OPP: Forfatteren av leserinnlegget, Erling Sande (Sp), mener regjeringen bidrar til å rydde opp i taxinæringen.

Etter frisleppet kan det oftare vere vanskeleg å finne igjen kven ein har køyrt med, noko som gjer at bransjen vert mindre oversikteleg. Det er ei ulempe for kundane.

Senterpartiets mål om å innføre ei plikt til å vere knytt til ein drosjesentral har no fått støtte av drosjeutvalet som nyleg leverte sin første rapport. Dermed kan arbeidet med å innføre ei slik plikt setjast fart i.

Senterpartiet ønskjer i tillegg å stramma inn driveplikta og innføre antalsregulering slik at ein kan sikre ein meir oversiktleg og seriøs bransje der kundane føler seg trygge, og der sjåførane får ei løn å leve av.

Noko arbeid er allereie gjort. Senterpartiet og Arbeiderpartiet har dei to siste åra sikra at næringen igjen er uniformert, med taklampe og merking av køyretøy godkjent som drosjebil, samt innføring av bankgaranti, krav om taksameter og kompetansekrav for løyvehavarane. Saman med plikt til sentraltilknytning tek dette oss eit stort steg i retning av ein betre og meir fornuftig taxipolitikk.