Omsetninga i reiselivsnæringa vil auke med 40 prosent mot år 2030, syner tal frå FN sin reiselivsorganisasjon WTO. Arbeidslivet og bransjeorganisasjonane melder om store behov for arbeidskraft. Då trengst også kompetanse!

Høgskulen på Vestlandet har i ei nyleg undersøking spurt vidaregåande elevar om val av studiar. Her er jobbgaranti ein av dei viktigaste faktorane og spennande jobbar er mykje meir viktig enn løn.

Bransjeorganisasjonar som NHO Reiseliv og Virke viser alle til undersøkingar der det er etterspurnad etter arbeidskraft. NHO Reiseliv viser og til at ein tredjedel av reiselivsbedriftene har behov for arbeidskraft med høgare utdanning. Vel 25 prosent har behov for arbeidskraft med ein bachelorgrad, og ein av seks søker folk med ein mastergrad.

Politikk og trendar har ført til ei særleg merksemd mot yrkesfag og fagskular. Det er ikkje noko feil med det – men det som er feil er oppfatninga av at norske høgskular og universitet ikkje er praksisorienterte i reiselivsutdanningane sine. Det er me!

Reiselivsutdanningane ved høgskulen på Vestlandet campus Sogndal har heile tida vore praksisorienterte og me tilbyr fleire praksisemne i begge reiselivsbachelorane våre. Me har og eit tett samarbeid med regionale og internasjonale reiselivsaktørar. Nyleg signerte me dessutan ein samarbeidsavtale med Norways Best der me vil teste ut løna praksis.

Hjå oss utviklar studentane og gjennomfører eit næringsseminar i Event Management, dei har praksis på messer i utlandet, dei jobbar i stavkyrkjer, attraksjonar og restaurantar, på båtar og tog, i destinasjonsselskap og dei driv hotell. Dei jobbar med sosiale media og dei forskar på korleis legge til rette for reiser til fotballkampar for folk med nedsett funksjonsevne.

UiT har årsstudium i guideutdanning på Svalbard der studentane er i felt meir enn 30 døgn pluss praksis i 1,5 månad, og omfattande samarbeid med bedrifter i bachelor- og masterprogramma.

På NMBU sin master i naturbasert reiseliv står besøksforvaltning i verne- og friluftsområde og folk sine aktivitetar i naturen sentralt, og då i tett kontakt med næring og forvaltning. Bachelor- og masterutdanningane har i omtrent alle emne samarbeid med næringa og moglegheit for praksis.

Norsk Hotellhøgskole ved universitet i Stavanger har i over 100 år utdanna studentar gjennom praktisk-teoretisk utdanning som bygger på arbeidserfaring som studentane har frå næringslivet. Studentane får dessutan tett kopling med mentorer i næringslivet og løyse utfordringar for næringslivet gjennom praktiske arbeidskrav.

Dersom ein ser på dei utalte satsingsområda til fylkeskommunane rundt om i Norge er det alle fylke som satsar på deler av mat, kultur og reiseliv eller alle tre områda.

Med veksten fram mot 2030 og heilt sikkert etter det og, blir det ikkje mindre å forvalte.

Nokre område er allereie pressa i høve fysiske tolegrenser og at kommunane og destinasjonane sørgjer for ein kontrollert vekst er viktigare enn nokosinne. For ikkje å snakke om lønsemd og heilårsdrift og viktigheita av å tene pengar.

Berekraftig utvikling og grøn verdiskaping er nøkkelen og ingen «quick fix», og står dessutan sentralt i Norge sin reiselivsstrategi. Dette er fag som er viktige og som ikkje let seg lære gjennom eit helgekurs.

Det er vårt samfunnsoppdrag å utdanna kompetent arbeidskraft til morgondagens reiseliv. Dette krev eit nært samarbeid mellom universitet, høgskular, og reiselivsnæringa. Ved å kombinere teori, forsking, og praktisk erfaring kan me saman utvikle beste praksis og løysingar på dei mange utfordringane næringa står overfor.

Dette er ei investering i framtida – ei investering i Norge som ein leiande reiselivsdestinasjon på den globale scena.

Saman med alle dei som har arbeidd årevis i reiselivsnæringa kan me kome fram til beste praksis og løyse mange utfordingar. Men for å få til dette må UH-sektoren gå i seg sjølv og bryte ned barrierar der vitskaplege teljekantar er einaste fokus.

På den andre sida bør reiselivsnæringa anerkjenna reiselivsutdanningane ved å vere med å vidareutvikle utdanningane, opne opp for meir forsking og ikkje minst påskjønne dei arbeidstakarane som ønskjer å formalisere kompetansen sin med ein bachelor- eller mastergrad.

Det er eit slikt samarbeid som kan føre reiselivs-Norge fram på ein kontrollert og innovativ måte. Det fortener både store og små destinasjonar i distrikta så vel som byane, innbyggarar, gjester og ikkje minst arbeidstakarar. Det må satsast på utdanning og rekruttering til reiselivsnæringa på alle nivå.

Saman kan me tilby både spennande arbeid og jobbgaranti. Saman kan me utdanne kompetent arbeidskraft til morgondagens reiseliv.