Å velje SV i årets kommuneval er å velje natur, klima og ansvar for framtidige generasjonar.

Korleis me forvaltar arealet vårt, altså kva me som folkevalde bestemmer at kan og skal skje på heiane, markene, viddene, fjella, i skogane, fjordane, sunda, bygdane og byen vår, påverkar oss i dag og i tiår framover.

Det er ikkje alltid ei enkel oppgåve å ha blikk på kva som trengs i morgon, dei neste fem til ti åra, og i eit 50-100 års perspektiv. Det å forvalte inneber nettopp dette – å ta ansvar ikkje berre for seg sjølv, men legge til rette for at dei som kjem etter oss òg skal ha gode vilkår for sine liv. Og det er gjerne slike forvaltingsomsyn me diskuterar i spørsmål om kvar me skal bygge hus, fritidsbustadar, næringsverksemd og infrastruktur.

I desse diskusjonane vert det tydeleg i kva grad politikarar og parti faktisk evnar å ta innover seg ei av vår tids verkeleg store samfunnsutfordringar: tap av naturmangfald og miljø.

I løpet av den siste kommunestyreperioden har SV vore ei tydeleg stemme i Kommune- og byutviklingsutvalet (KOBY) i saker som omhandlar arealbruk. Me har kjempa for at me som bur og bestemmer i dag ikkje skal forsyne oss av meir av ressursane våre enn me treng, at natur har eigenverdi, og at framtidige generasjonar med framtidige behov og teknologi skal kunne finne sine løysingar.

Det var derfor ein stor siger for SV at det ikkje vart massedeponi i Kattfjorden. Då saka var oppe i KOBY stemte SV mot planane om deponi, og då tapte me klart avstemminga. Argumenta våre handla om miljøkonsekvensane og naturinngrepa. Men då saka nokre veker seinare kom til kommunestyret var SV med å sikre eit overveldande fleirtal mot deponiplanane.

I fleire saker har SV vore sentrale i å trekke resten av KOBY i retning av å stille krav til utbyggingsplanar om å sikre kvalitet i både bygg og uterom. Til dømes om å ta ned høgde, trekke inn toppetasjar, og betre tilgang for syklistar og framkommelegheit for alle.

SV har vore konsekvente i å argumentere mot å bruke nye areal til å bygge hytter og fritidsbustadar. I Tromsø kommune per i dag er det i overkant av 2000 hytter og fritidsbustadar. Om lag det dobbelte av hyttekommunen Målselv.

Hyttebygging legg eit fullstendig unødvendig stort press på natur og infrastruktur. Særleg i ein reindriftskommune som Tromsø. Skal me kunne realisere ein Nord-Norgebane kan me ikkje bruke opp knappe areal på fritidsbustadar.

SV er derfor skuffa over at fleirtalet av dei folkevalde, inkludert Ap og Høgre, i KOBY og kommunestyret opnar for stadig nye hytteplanar, både på fastlandet og på øyane i kommunen.

Hytteutbygging er ei sak det i takt med rapportar om klimaendringar og naturkrise blir meir og meir tydeleg for SV at det er viktig å kjempe mot. Og det er gledeleg at fleire parti ser ut til å koma etter: seinast på NRKs valmøte 28. august der ordførar Gunnar Wilhelmsen gjekk ut og sa at han var mot å regulere nye område for hyttebygging.

Her kunne det vera interessant å vita korleis Arbeidarpartiet stiller seg til dette utspelet? Og korleis dei no ser på dei nye områda som nyleg har vorte opna med Aps stemmer – mellom anna Arctic Village i Breivikeidet (i KOBY stemte SV aleine mot desse planane) og fritidsbustadane og reiselivsanlegget i Kvaløyvågen (SV stemte med mindretalet i kommunestyret mot desse planane). Desse utbyggingane er båe døme på korleis hytteutbygging blir prioriterte framfor eksisterande næring i området.

Ei sak SV tapte i perioden var reguleringa av høge blokker i Varden borettslag. Blokkene vil skuggelegge uteområda i dei kringliggande kommunale bustadane.

Det gjer vondt å tape desse sakene. For å unngå slike bitre nederlag i framtida treng Tromsø eit sterkare SV som heile tida dreg arealforvaltinga og utbygginga i ein grønare og meir sosial retning.

For at SV skal kunne sikre enda fleire sigarar i komande periode – for å ta vare på natur og framtidige generasjonar – treng me eit så sterkt SV som mogleg. Det kan du påverke: Godt val!