Når det gjeld dei samiske namna på ulike stader i Tromsø, har Bodil R. Larsen frå Høgre i det heile misforstått. Det handlar ikkje om å finna opp nye namn, men å anerkjenna dei namna som finst.

Det er ikkje noko uvanleg at ein stad har fleire namn. Ulike språk og ulike grupper har som regel sitt eige namn på stadene dei brukar. Det er eit fjell som tradisjonelt heitte Sognefjellet i Gudbrandsdalen, og Dølafjellet i Sogn. I dag plar dei seia Sognefjellet på sognesida òg, men begge gruppene har brukt fjellet umåteleg lenge, og eine namnet er eigentleg ikkje meir riktig enn hitt.

Det same gjeld Finland – landet heiter både Finland og Suomi, av di både finnane og finlandssvenskane høyrer heime der, og båe folka har snakka om landet på sitt eige språk. Me likar å ha namn på stader me har noko å gjera med, og me namngjev dei helst på språket me nyttar.

Same-namna i Tromsø er nok eit døme på at same staden har fleire namn. Dei har vore i bruk i umåteleg lenge, både dei samiske og dei norske namna. Korkje dei norske eller dei samiske namna er noko rettare. Då vert det rart å skulle nekta dei samiske namna offentleg anerkjenning.

Det er heller ikkje noko uvanleg at fleire namn er anerkjende og offisielle. I Finland er det mange byar som har namn på finsk og svensk, i Wales på walisisk og engelsk. Der skriv dei begge namna på skiltet og i kartet.

Det å skriva namnet på to språk heller enn eitt, kostar ikkje noko. Men det anerkjenner at det samiske er ein viktig del av historia til Tromsø, og skal halda fram med å vera viktig del av byen.